Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis påverkar media identiteten din?

Media er ein viktig del av kvardagen vår. Korleis er media med på å forme biletet av deg sjølv? I desse oppgåvene skal du utforske korleis media er med på å påverke ulike delar av identiteten din.
Tre ungdommar bruker sosiale medium inne i ein skulebygning. I lufta rundt dei svevar ikon som illustrerer interaksjonen som går føre seg. Illustrasjon.

Oppgåve 1. Individuell og kollektiv identitet

  1. Individuell identitet er den delen av identiteten din som gjer deg til noko unikt og spesielt. Finn nokre døme på korleis medium kan vere med på å påverke den individuelle identiteten din.
  2. Kollektiv identitet er den delen av identiteten din som du har til felles med ulike grupper, som til dømes vener, familie, idrettslag. Kva grupper er viktige for identiteten din?
  3. Vel ei eller to grupper som er viktige for identiteten din. I kva grad er media med på å påverke desse gruppene på ulike måtar? Bruk gjerne konkrete døme.
  4. Media kan ha både stor og liten innverknad på identiteten vår. I kva situasjonar og på kva måtar trur du media har størst innverknad på identiteten til ungdommar i dag?

Oppgåve 2. Identitet og roller

  1. Set opp ei kort liste over alle dei ulike rollene du speler i løpet av ei veke.
  2. Kva for nokre av rollene dine blir i størst og minst grad påverka av media? Grunngi svaret.
  3. Vi speler ulike roller i ulike situasjonar. Diskuter om dei rollene du har som mediebrukar, er forskjellige frå dei rollene du elles har.

Oppgåve 3. Media og gruppetilhøyrsel

Identiteten vår blir forma av dei gruppene vi tilhøyrer. Når vi identifiserer oss med ei gruppe, etablerer vi ein likskap med dei andre i gruppa. Vi har noko felles som bind oss saman. På same tid etablerer vi ein forskjell mot dei andre utanfor gruppa. Det er noko som skil oss frå dei. Vi nordmenn er til dømes like andre nordmenn, på same tid som vi er ulike frå andre nasjonalitetar.

Vel ut ei gruppe som er viktig for identiteten din og skriv eit refleksjonsnotat om korleis media påverkar denne gruppa og tilhøyrselen din til ho. Ta gjerne utgangspunkt i spørsmåla under.

  • Kva slags bilete av denne gruppa blir formidla i media? Korleis er det med på å påverke gruppa?
  • Korleis bruker medlemmane av gruppa media til å utrykkje tilhøyrselen sin til gruppa?
  • Korleis bruker gruppa media til å utrykkje at ho er ulik frå andre grupper?
  • Trur du media er med på å styrkje eller svekkje medlemmane sin tilhøyrsel til gruppa?
Døme på ulike grupper

Gruppene du er ein del av, kan vere basert på faktorar som

  • stad (identitet som nordlending, innvandrar, bygdegut)
  • familie (identitet som dotter, far, medlem av slekt)
  • kjønn (identitet som gut, lesbisk, transperson)
  • utdanning og yrke (identitet som lærar, bonde, elektrikar)
  • vener og fritidsaktivitetar (identitet som gjengmedlem, idrettsutøvar)
  • referansegrupper (identitet som sosialist, black metal-fan, Liverpool-supporter)
  • alder
  • religion
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Sjølvbilete og trygg identitet