Psykiske plager og psykiske lidingar - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Psykiske plager og psykiske lidingar

Mange ungdommar seier dei er deprimerte eller har angst når dei eigenleg berre er litt triste eller nervøse før ein prøve. Kva er eigenleg forskjellen på ei heil vanleg kjensle, ei psykisk plage og ei psykisk liding?

Oppgåve 1

Diskuter med ein medelev før de ser filmen:

  • Kva er forskjellen på å vere trist og å vere deprimert?

  • Kva er forskjellen på å vere engsteleg før ein prøve og å ha angst?

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Oppgåve 2. Psykiske plager og psykiske lidingar

  1. Kva er ei psykisk plage?

  2. Kva er ei psykisk liding?

  3. Kva kan vere årsakene til at nokon utviklar ei psykisk liding?

  4. Kvifor er det viktig at du oppsøker profesjonell hjelp viss du lurer på om du er i ferd med å utvikle ei psykisk liding?

  5. Mange ungdommar bruker diagnosar på psykiske lidingar for å beskrive korleis dei har det. Dei seier til dømes at dei er deprimerte når dei berre er litt triste, eller at dei har angst når dei berre er litt nervøse. Kva slags konsekvensar trur de denne måten å snakke på kan få?

Oppgåve 3. Finn ut meir om psykiske lidingar

I denne oppgåva skal du velje ei psykisk liding og finne ut meir om kva som kjenneteiknar ho. Vel ei psykisk liding og finn ut

  • kor vanleg den psykiske lidinga er i Noreg

  • kva som er dei viktigaste kjenneteikna på denne lidinga

  • kva konsekvensane av lidinga kan vere

  • om denne lidinga finst i ulike former, og eventuelt kva for type former

  • kva slags behandling det er for denne lidinga

Kjelder:

Depresjon

ung.no: Depresjon

Store medisinske leksikon: depresjon

Helsenorge: Depresjon

Norsk psykologforening: Hva er depresjon?

Angst

ung.no: Hva er angst?

Store medisinske leksikon: angst

Helsenorge: angst

Norsk psykologforening: Hva er angst og angstlidelser?

Eteforstyrringar

ung.no: Spiseforstyrrelser

Store medisinske leksikon: spiseforstyrrelser

Helsenorge: spiseforstyrrelser

Norsk psykologforeining: Hva er spiseforstyrrelser?



Bipolar liding

ung.no: Hva er bipolar lidelse?

Store medisinske leksikon: bipolar lidelse

Helsenorge: bipolar lidelse

Norsk psykologforening: Hva er bipolar lidelse?

Tvangsliding

ung.no: Sliter med tvangslidelse

Helsenorge: Tvangslidelse (OCD)

Store medisinske leksikon: obsessiv-kompulsiv lidelse

ADHD

Ung.no: Hva er ADHD?

Store medisinske leksikon: ADHD

Norsk psykologforening: Hva er ADHD?

Treng du nokon å snakke med?

Det kan vere lett å kjenne seg igjen i enkelte beskrivingar av psykiske lidingar, men det treng ikkje å bety at du sjølv er sjuk. Det er berre profesjonelle helsearbeidarar som kan avgjere om du har ei psykisk liding. Viss du lurer på om du har ei psykisk liding, må du derfor alltid oppsøke profesjonell hjelp.

Viss du treng nokon å snakke med om psykiske plager eller lidingar, er det mange du kan ta kontakt med. I artiklane under finnar du namnet på ei rekke instansar som kan hjelpe deg:

Artikkel: Kven kan du snakke med på vidaregåande skule?

Artikkel: Kven kan du snakke med utanfor skulen?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2023