Psykiske lidingar blant barn og unge
Ifølge Folkehelserapporten som vart publisert i 2023, rapporterer Folkehelseinstituttet at det ein stor del av norske ungdommar som opplever psykiske plager. Førekomsten har auka dei seinare tiåra, særleg blant jenter. Psykiske plager kan gi ulik grad av symptom, men medfører ikkje funksjonstap i kvardagen og er ikkje like langvarige som psykiske lidingar.
Undersøkingar viser at omtrent sju prosent av norske barn lid av psykiske lidingar, ifølge Folkehelseinstituttet. Internasjonale tal for førekomst av psykiske lidingar blant barn og unge under 18 år er omtrent dobbelt så høge som i Noreg. Psykiske lidingar hos barn viser seg ulikt på ulike alderstrinn, og ikkje på same måte som hos vaksne. Barn med psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar har ofte ein kombinasjon av fleire forstyrringar samtidig. Det kan òg vere ein kombinasjon av somatiske (fysiske) lidingar og psykiske forstyrringar, og både genetiske forhold og oppvekstmiljø påverkar risikoen for å utvikle psykiske lidingar.
Barn som er utsette for omsorgssvikt, alvorlege livshendingar eller veks opp med foreldre med rusmiddellidingar, har auka sannsyn for psykiske lidingar, men det betyr ikkje at alle som blir utsette for omsorgssvikt eller opplever mobbing på skulen, utviklar psykiske lidingar. Omgrepet resiliens blir brukt for å forklare kvifor nokre menneske klarer seg bra og unngår utvikling av psykiske lidingar trass i ein tøff barndom med mange påkjenningar og traume. Resiliens er ei psykologisk motstandsdyktigheit og evne til å handtere utfordringane i livet og meistre kvardagen, og det kan samanliknast med vernet til immunforsvaret mot infeksjonar.
Mens ungdom vanlegvis kan fortelje om symptoma sine, vil det hos små barn hovudsakleg vise seg ved endring i åtferd. Utviklingsforstyrringar kan vise seg ved mangelfull eller forseinka utvikling av kognitive og motoriske ferdigheiter, mens andre psykiske lidingar kan gi søvnproblem, manglande matlyst, motorisk uro og irritabilitet eller passivitet. Symptom hos barn i skulealder opptrer òg som endringar i åtferd sjølv om barna til ein viss grad kan fortelje kva dei kjenner. I ungdomstida kan auke i brot på reglar og rusrelatert åtferd vere symptom på psykiske plager.
Dei same livsstilsfaktorane som vernar mot somatisk sjukdom, altså kosthald, fysisk aktivitet, nok søvn og måtehald med alkohol, er òg sentrale for ei god psykisk helse. I tillegg vil gode sosiale relasjonar og ein trygg oppvekst fremme den psykiske helsa vår, mens sosial avvising og vanskelege oppvekstvilkår gir auka risiko for psykiske helseproblem. Tiltak for å førebygge sosial forskjell, skape gode oppvekstvilkår og fremme ein sunn livsstil er derfor sentralt for å førebygge psykiske lidingar.
I filmklippet kan du sjå korleis sinne hos barn kan vere eit uttrykk for andre kjensler. Korleis kan vi førebygge at normale kjensler i ein vanskeleg situasjon utviklar seg til psykiske plager og lidingar?
Det er viktig å vere klar over at det kan vere store forskjellar i utvikling og funksjonsnivå. Derfor må det vurderast nøye om det er behov for profesjonell hjelp til barn og unge med avvikande åtferd eller om det er betre å vente og sjå om går seg til over tid. Dersom problema påverkar meistringsnivået i kvardagen eller viktige utviklingsmessige oppgåver som språk, sosialisering eller sjølvstendiggjering, er det behov for tiltak. Det same gjeld viss barnet eller ungdommen i tillegg til symptoma er omgitt av alvorlege risikofaktorar som kan forverre plagene, til dømes ustabile heimeforhold eller problem på skulen.
Fordi barn og unge med psykiske lidingar er i utvikling, er det viktig å starte behandlinga tidleg. Som oftast inneber behandlinga tiltak på fleire ulike område, til dømes familie, barnehage/skule og aktivitetstilbod. Behandlinga må sjølvsagt tilpassast etter alder og funksjonsnivå, frå leiketerapi med småbarn til samtale- og miljøterapi med større barn og ungdommar.
Medikamentell behandling kan vere eit alternativ eller tilleggsbehandling dersom psykologisk behandling er prøvd utan å gi særleg effekt. Legemidla som blir brukte i behandling av psykiske lidingar, blir kalla psykofarmakum. Desse blir delte inn i legemiddelgruppene antipsykotikum, antidepressiv, angstdempande middel, hypnotikum (sovemedisinar) og sentralstimulerande middel (som ADHD-medisinar).
Utfordringar til deg
Kva kan vere årsaker til at førekomsten av psykiske plager er høgare blant jenter enn blant gutar?
Kva kan vere årsaka til at bruken av psykofarmakum har auka dei siste ti åra?
Korleis trur du smitteverntiltaka under covid-19-pandemien påverka den psykiske helsa til barn og unge?
Korleis kan du som fagarbeidar støtte barn og unge med psykiske plager?
Relatert innhald
Som helsefagarbeidar skal du foreslå og setje i verk tiltak for å førebygge psykiske lidingar.
Psykiske plager er vanlege variasjonar i åtferd og kjensler knytte til hendingar i livet, mens psykiske lidingar varer over tid og medfører funksjonstap.