Hopp til innhald

Utvikling, læring og motivasjon

I alle institusjonar ein barne- og ungdomsarbeidar kan jobbe ved, vil det å stimulere til utvikling og læring vere ein vesentleg del av arbeidet. For å kunne gjere dette må du ha kunnskap og kompetanse om kva som gir barn gode utviklings- og læringsvilkår.

Helseutfordringar hos barn og unge

Barn og unge har generelt lågare risiko for sjukdom og helsesvikt enn eldre, og helseutfordringane er ofte ikkje dei same som hos vaksne. Det er viktig at du tenkjer helsefremjande i arbeid med barn og unge for å førebyggje at dei utviklar helseproblem eller at helsetilstanden blir forverra.