Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Seksuell åtferd hos barn og unge

I arbeidet ditt vil du møte barn og unge som på ulike måtar viser fram den seksuelle åtferda si. Då er det viktig at du veit kva som er normal, urovekkjande eller skadeleg seksuell åtferd. I tillegg må du vite korleis du skal handtere urovekkjande eller skadeleg seksuell
åtferd på ein god måte.
To ungdommar kysser kvarandre med ei glasdør mellom seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barn og unge uttrykkjer seksualiteten sin gjennom åtferda. Det kan dei gjere på ulike måtar, til dømes ved å snakke om seksualitet, utforske sin eigen kropp, leike seksuelle leiker og aktivitetar og liknande. Seksualitet er ein sentral del av den psykiske helsa til barn og unge.

Det er viktig at du som skal jobbe med barn og unge, støttar opp under ei sunn seksuell utvikling. Du må òg kunne identifisere og handtere urovekkjande eller skadeleg seksuell åtferd på ein god måte. Dette er naudsynt for å sikre eit trygt og godt miljø, fremje god psykisk helse og førebyggje seksuelle overgrep.

Oppgåver

  1. Gå inn på Trafikklyset i relatert innhald, og noter kva som blir meint med:

    1. normal seksuell åtferd (grønt lys)
    2. urovekkjande seksuell åtferd (gult lys)
    3. skadeleg seksuell åtferd (raudt lys)
  2. Vel deg ei aldersgruppe og noter døme på kva som er grøn, gul eller raud seksuell åtferd innanfor denne aldersgruppa.
  3. Gå til side ni i heftet og bruk trafikklyset til å klassifisere dei ulike situasjonane. Grunngi svara dine.
  4. Finn ut kva tiltak vaksne kan setje i verk dersom barn og unge viser

    • urovekkjande seksuell åtferd
    • skadeleg seksuell åtferd
  5. Finn ut og noter kvar og kva hjelp du kan få i heimkommunen din dersom du jobbar med barn eller unge som viser urovekkjande eller skadeleg seksuell åtferd.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2021

Læringsressursar

Seksuell utvikling