Hopp til innhald

Fagstoff

Seksuell utvikling

Seksualitet er medfødd. Den første seksuelle reaksjonen skjer i fosterlivet. Seksualiteten til barn utviklar seg vidare frå småbarnsalder. Barn utforskar seg sjølve og jamaldringar gjennom leik, og barn kan få ei kilande, varm og god kjensle i underlivet.
Ein liten baby ligg inntil brystet til mora og kjenner på nærleik og varme frå huda hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sunn seksuell utvikling

Seksualitet er ein del av det å vere menneske, og som alle andre delar av livet til menneske (som tankar, språk, motorikk) snakkar vi òg om den seksuelle utviklinga til barn og unge. Seksualiteten blir utvikla heile livet frå fødsel til død. Seksualiteten til barn og unge er prega av nysgjerrigheit og utforsking, og det er noko anna enn vaksen seksualitet, på same måte som til dømes språket til barn er annleis enn språket til vaksne.

Seksualiteten til barn og unge blir uttrykt på mange måtar: gjennom språk, ved berøring, utforsking av eigen eller ein annan sin kropp, seksuell aktivitet, leik og samspel. Seksuell leik og utforsking i trygge rammer er heilt naudsynt i identitetsutviklinga.

Utviklingsfasane

Barn er ulike, og den seksuelle utviklinga er individuell. Det er derfor viktig å vere klar over at det er stor variasjon i utviklinga til barn.

0–5 år

Behovet for nærleik og kroppskontakt er særleg stort det første leveåret. Barn blir kjende med og utforskar kroppen sin med hendene. Dette skjer allereie på stellebordet. Barna oppdagar kjønnsorganet sitt som eit nytingsobjekt.

Frå 2–3-årsalderen byrjar barn å bli klar over at jenter og gutar har ulike kjønnsorgan, og dei byrjar etter kvart å bli opptekne av kroppane til kvarandre. Nakenskap er ein naturleg del, og barn utforskar både seg sjølve og andre i leiken, til dømes doktorleik. I slutten av barnehagetida vil du oppdage at nokre barn blir sjenerte og misliker å vise seg nakne.

Du må vere førebudd på at eit barn kan kome til å stimulere seg sjølv i nærværet ditt og ta på kroppen til andre barn og vaksne. Då må du opptre profesjonelt. Du må unngå handlingar som å ta bort hendene til barnet eller bli morsk på barnet, då barn lett får skuldkjensle. Dersom barnet utforskar seg sjølv, må du hjelpe barnet til å finne ein privat, hyggjeleg stad der han/ho kan få vere i fred. Dersom barn utforskar på kvarandre, er det viktig at du nyttar sansane dine ved å vere merksam på stemninga i leiken. Trivst alle i denne leiken?

6–9 år

I denne alderen utforskar mange barn seksualiteten sin med stor nysgjerrigheit. Dei fleste gjer det gjennom kroppsleg nærleik til jamaldringar, med kyssing, kosing og klemming. Kjærastforhold er spennande, kortvarige og hyppige.

Barn i denne alderen finn ofte dei spesielle stadene sine der dei kan utforske seksualiteten med kvarandre utan innblanding frå dei vaksne. Desse stundene er ein del av identitetsutviklinga hos barn, dei vil finne ut kven dei er, saman med andre jamaldringar. Barn i denne alderen har større innsikt i kva den andre vil og ikkje vil, men du skal likevel passe litt på rundt dette, i tilfelle nokon føler seg tvinga til noko han eller ho ikkje vil vere med på.

9–12 år

Puberteten trer inn i 10–11-årsalderen hos jenter og hos gutar i 11–12-årsalderen. Det å kome tidlegare i puberteten kan vere vanskeleg og flautt både for jenter og gutar. Ofte søkjer dei då kontakt med eldre der dei føler seg meir likeverdige.

Det er viktig at du skaper ein god relasjon til barna slik at du kan vere ein god og forståingsfull vaksen som dei kan snakke med. Grupperettleiing der temaet pubertet og haldningar til kvarandre blir tekne opp generelt, er ein fin måte å få i gang praten på. Informasjon og diskusjon om ulike spørsmål kan gi barna større innsikt, forståing og respekt for kvarandre.

12–18 år

I denne aldersgruppa set puberteten inn for fullt. Tida framover blir prega av fysisk og mental modning (sjå relatert innhald om puberteten).

Den seksuelle nysgjerrigheita og lysta aukar mykje i denne alderen. Onani er svært vanleg, både åleine og for ein del òg i fellesskap med andre, òg av same kjønn. Dei unge blir opptekne av både sin eigen kropp og kroppane til kvarandre, og dei samanliknar seg gjerne med andre. For dei som er seint ute i utviklinga, kan denne tida vere svært vanskeleg. Det å samanlikne seg med dei andre og oppleve at eins eigen utsjånad kjem dårleg ut, kan vere uheldig for sjølvbiletet.

Ein del har seksuelle fantasiar om og er nysgjerrige på dei som er eldre enn dei sjølve. I denne alderen oppstår forelskingar med svært sterke kjensler, og det er ikkje uvanleg å skifte kjærast ofte. Unge i denne alderen har gjerne svært mange spørsmål om kropp og seksualitet, og dei nyttar gjerne internett og vener når dei søkjer etter svar. Ofte spør ikkje ungdommen foreldre, men dei kan oppleve ein barne- og ungdomsarbeidar som ein nøytral person. Du må derfor vere førebudd på alle typar spørsmål.

Det at ein ungdom tør å spørje deg om seksualiteten, tyder på at vedkomande har tillit til deg, og då må du vise deg tilliten verdig. Det kan òg vere viktig for den unge å vite at du har teieplikt.

Utfordringar til deg

  1. Beskriv den seksuelle utviklinga til barn.
  2. Nokre barn utviklar seg seinare enn fleirtalet, andre er tidlegare ute.

    1. Kvifor bør du vere ekstra merksam på desse barna og ungdommane?
    2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar støtte dei?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Senter for livslang læring ved Høgskolen i Lillehammer, Lene Fossbråten, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2021

Læringsressursar

Seksuell utvikling