Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogYrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Utvikling, læring og motivasjon
I alle institusjonar ein barne- og ungdomsarbeidar kan jobbe ved, vil det å stimulere til utvikling og læring vere ein vesentleg del av arbeidet. For å kunne gjere dette må du ha kunnskap og kompetanse om kva som gir barn gode utviklings- og læringsvilkår.
Motorisk utvikling
Den motoriske utviklinga handlar om å kunne styre og kontrollere eigen kropp. Motorikken blir utvikla ved at barn og unge er fysisk aktive. Gjennom å stimulere og trene både grovmotoriske og finmotoriske ferdigheiter og balanseferdigheiter vil den motoriske utviklinga bli styrkt og utvikla.