Observasjon, planlegging og dokumentasjon
Lag eit tankekart om det du kan om observasjon, planlegging og dokumentasjon.
Kva er observasjon?
Kvifor skal vi observere i arbeidet med barn og unge?
Kva kan vi observere?
På kva måtar kan du påverke observasjonen?
Kva ferdigheiter treng du for å kunne observere?
Kva for nokre ulike observasjonsmetodar er nyttige i arbeid med barn og unge? Grunngi kvifor dei er nyttige.
Forklar kva deltakande observasjon er. Grunngi kvifor denne måten å observere på er nyttig i arbeid med barn og unge.
Korleis kan du planleggje og gjere deg klar til å utføre ein observasjon?
Kva er viktig å hugse på når du skriv ned det du har observert?
Kva vil det seie å tolke ein observasjon?
Kva er viktig å tenkje på når du skal tolke og reflektere over ein observasjon?
Kvifor er det naudsynt å reflektere over det du har observert, i etterkant, saman med fleire?
Kva kan de nytte refleksjonane av observasjon til?
Kva vil det seie å planleggje?
Kvifor planlegg vi i arbeidet med barn og unge?
På kva måtar kan du planleggje arbeidet med barn og unge?
Kva er skilnaden mellom å lage planar og her-og-no-planlegging?
Kva har observasjon å seie for planleggingsarbeidet?
Kva føresetnader og rammefaktorar må du ta omsyn til i planleggingsarbeidet?
Kvifor må du ta omsyn til desse?
Kva er eit mål? Kvifor set vi oss mål i planleggingsarbeidet?
Kva er innhald? Kvifor er det viktig å ha eit innhald i planlegginga?
Kva er arbeidsmåtar? Kva må du tenkje på når du vel arbeidsmåtar?
Kva typar planar nyttar dei i barnehage og SFO?
Kva er dokumentasjon?
Kva kan vi dokumentere i arbeidet med barn og unge?
Kvifor skal vi dokumentere?
Korleis kan vi dokumentere? Gi døme på ulike måtar å dokumentere på.
Kva kan vi nytte dokumentasjon til i arbeidet vårt med barn og unge?
For kven skal vi dokumentere arbeidet vårt med barn og unge?
På kva måtar kan dokumentasjon bidra til at vi endrar arbeidet vårt og utviklar det vidare?
Kva er samanhengen mellom observasjon, planlegging og dokumentasjon?
Jobb saman med ein medelev med observasjon i eit friminutt på skulen. Bestem dykk for kva de vil sjå etter og finne ut av, og vel observasjonsmetode. Observer i friminuttet. Etterpå tolkar og reflekterer de over det de har observert. Kva tiltak hadde vore bra å setje i verk ut frå det de observerte? Del funna dykkar med resten av klassen.
Utvid tankekartet frå del 1 med den nye kunnskapen du har fått om observasjon, planlegging og dokumentasjon.