Reflekter over ulike situasjonar - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Reflekter over ulike situasjonar

Pedagogisk dokumentasjon handlar om å observere, dokumentere, tolke, reflektere og ta val. I denne øvinga skal du nytte bilete til å reflektere, vurdere og foreslå måtar å jobbe vidare på. Det blir ei øving i pedagogisk dokumentasjon.

Øving

Bruk bileta under til å reflektere over kva syn på barn, leik, omsorg, motivasjon, læring og danning de meiner kjem til uttrykk. Gjennomfør heile øvinga med kvart bilete før de går vidare til neste bilde.

  1. Bruk to til tre minutt til å skrive ned det du tenkjer at biletet fortel deg om synet på barn, leik, omsorg, læring og danning. Ikkje sensurer deg sjølv. Hugs at det er ei øving.

  2. Del tankane og notata dine med tre til fire medelevar.

  3. Reflekter saman. Her er det mange refleksjonsspørsmål de kan stille dykk, til dømes:

    • Kva fortel biletet?

    • Kva haldningar og verdiar om barn, omsorg, motivasjon, medverknad, læring og danning kjem fram i biletet?

    • Kva kan aktiviteten bidra til med tanke på glede og trivsel, leik og utvikling?

    • Kva bidreg rolla til den vaksne med i aktiviteten/situasjonen?

    • Korleis kan de utøve vaksenrolla i slike situasjonar for å bidra til at barn får gjere eigne erfaringar, utforske og oppleve meistring?

    • Korleis kan de utøve vaksenrolla i slike situasjonar for at barn skal oppleve medverknad?

    • Korleis kan de leggje til rette for medverknaden til barn her?

    • Korleis tek de vare på utforskartrongen til barn og behova deira for tryggleik?

  4. På bakgrunn av refleksjonen av biletet skal de drøfte og vurdere korleis de vil leggje det pedagogiske arbeidet til rette.

Bilete nummer 1

Bilete nummer 2

Bilete nummer 3

Bilete nummer 4

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021