Hopp til innhald
Fagartikkel

Pedagogikk og didaktikk

Pedagogikk og didaktikk er to sentrale omgrep i arbeidet med barn og unge. Pedagogikk gir deg kunnskap om kva som er godt for barn, og kva som bidreg til utvikling og vekst. Didaktikken gir deg kunnskap om korleis du kan planleggje og reflektere over om det du gjer, bidreg til det som er ønskjeleg.

Kva er pedagogikk?

Pedagogikk handlar om prinsippa for kva som er god opplæring, oppseding, læring og utvikling, sosialisering og danning. Forskinga og teoriane til pedagogikken gir oss kunnskap om kva som er god undervisning og oppseding, og kva vi bør gjere for å få det til. Det handlar om kva læring er, kva teknikkar som bidreg til læring, og korleis vi kan leggje til rette for gode læringsprosessar som påverkar utviklinga og sosialiseringa til barnet.

Pedagogikk gir oss innsikt i korleis barn lærer, korleis kultur og samfunn påverkar oppsedingssituasjonen og oppveksten til barn, kva som er godt for eit menneske, kva som er grunnleggjande verdiar, og kva som kan eller bør vere mål for oppseding eller undervisning. Kva som til kvar tid er god pedagogikk, byggjer på forsking, teoriar og praktiske erfaringar, og det vil vere i endring.

På alle institusjonar der ein barne- og ungdomsarbeidar kan arbeide, er kunnskap og forståing for kva og kva teknikkar som skaper god omsorg og leik, læring og danning, viktig. Denne kunnskapen er viktig fordi det er det du skal arbeide med til dagleg.

Men kunnskap om kva som er god pedagogikk, er ikkje nok. Ein barne- og ungdomsarbeidar må òg vite korleis han eller ho kan leggje til rette for omsorg og leik, læring og danning. Det er her didaktikken kjem inn og kan gi deg kunnskap om korleis du kan planleggje, leggje til rette og vurdere prosessar i dagleglivet.

Kva er didaktikk?

Mens pedagogikk dreier seg om kva som er best å gjere, handlar didaktikk om korleis vi kan gjere det beste. Det handlar om å integrere teoretisk innsikt med praktisk planlegging. Didaktikk er ein del av pedagogikken. Didaktikken har som føremål å betre praksis gjennom å gi reiskap for refleksjon over pedagogiske prosessar.

Omgrepet didaktikk kjem frå gresk og betyr å "lære frå seg", "undervise" eller "klargjere". Vi kan sjå didaktikk som undervisningskunst, særleg i samanheng med barn og unge der vi skal planleggje for eit innhald som gir gode kvardagar, samtidig som vi skal vere mottakelege for dei spontane innspela til barn. Vi skal tilpasse arbeidet til alderen og funksjonsnivået til barna. I tillegg skal vi sørgje for eit innhald som gjer barn rusta til å møte utfordringar i ei verd vi enno ikkje har opplevd.

Ein vid definisjon av didaktikk inkluderer spørsmål og vurderingar av både grunngivingar, mål, innhald, praktisk tilrettelegging (organisering) og vurdering av det arbeidet vi gjer. Det dreier seg om refleksjon omkring spørsmåla kva, kvifor og korleis vi vil gjere/rettleie/klargjere/undervise og i tillegg korleis det gjekk, og kva vi vil vi forkaste, forbetre eller ta med oss vidare.

Didaktikken gjer det mogleg for oss å danne oss eit heilskapsbilete av det pedagogiske arbeidet. Didaktikken spenner over heile den pedagogiske prosessen – frå planlegging til gjennomføring, vurdering og vidare planlegging. Vi set oss mål for arbeidet, vel ut innhald og arbeidsmåtar som kan leie mot måla, og vi vurderer det vi gjer, og det som blir gjort, og tek med oss desse vurderingane i det vidare arbeidet vårt.

Didaktikk i barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb

I barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb er grunntanken at barn skal møte eit innhald som bidreg til heilskapleg utvikling og til at barna utviklar seg til handlande og ansvarlege individ i samfunnet. Innhaldet i desse institusjonane skal leggje til rette for best mogleg omsorg, gi barn og unge moglegheiter for leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar. Samtidig skal innhaldet formidle verdiar og kultur og støtte nysgjerrigheita, kreativiteten og vitebegjæret til barn med utgangspunkt i interessene, kunnskapane og ferdigheitene deira. På den måten skal innhaldet bidra til å ta vare på behova til barn for omsorg og leik og fremje læring og danning.

Ein barne- og ungdomsarbeidar skal velje innhald og arbeidsmåtar som bidreg til dette i alle kvardagssituasjonar og rutinesituasjonar, i leik og sosialt samspel og i dei formelle og planlagde aktivitetane.

Didaktikk gir oversikt og struktur og hjelp til å sjå samanhengar

Didaktikken gir oss hjelp til å få oversikt og reflektere både før vi startar arbeidet, undervegs og i vurderingane etterpå. Når vi planlegg for aktivitet, startar vi ofte med å vurdere situasjonen til barnet eller barnegruppa. Vi ser på kva vi har gjort, og korleis det arbeidet vi har gjort, har fungert. Deretter tek vi utgangspunkt i føremålet og det prinsipielle synet i rammeplanen og planlegg korleis vi ønskjer at det skal vere, eller korleis vi vil at utviklinga skal skje. På den måten vil vi heile tida tenkje på det vi gjer, og det som er forventa av oss.

Samtidig gjer didaktikken det mogleg for oss å sjå samanhengar og bli medvitne dei ulike elementa vi må ta omsyn til i tilrettelegginga av dagleglivet for å ta vare på behova til barna. Didaktikken hjelper oss dermed både til å observere og til å reflektere over korleis ting er, og korleis vi kan arbeide mot nye mål. Han er til støtte for å gjere praksis meir konkret og for å finne fleire moglegheiter for å handle i ein mangesidig kvardag.

Eit naudsynt verktøy i yrkesutøvinga

Didaktikken gir oss omgrep som kan vere til hjelp både til å observere og til å reflektere over korleis ting er, og korleis vi kan arbeide mot nye mål. Didaktikken er til hjelp i di eiga tenking og planlegging, og dermed bidreg ho til di eiga utvikling mot ein profesjonell yrkeskompetanse. Ein kompetanse som inneber ulike arbeidsmåtar og teknikkar, og òg kompetanse i å vurdere og vidareutvikle ditt eige arbeid. Å ha kompetanse i didaktisk planlegging inneber å kunne planleggje verksemda innanfor dei rammene som er sette i lover og forskrifter (rammeplan), og i planverket for institusjonen (årsplan).

I tillegg kan didaktikken vere ein reiskap i samarbeidet med barn, føresette og andre når vi skal kommunisere om målet og innhaldet i institusjonane.

Didaktikken bidreg til å gi deg oversikt og struktur og moglegheit til refleksjon over eiga yrkesutøving og vurdering av kva innhald og arbeidsmåtar du skal velje. Den inviterer deg som barne- og ungdomsarbeidar til å vere kreativ i ulike prosessar som du skal leie og motivere til. Didaktikken er dermed ein naudsynt reiskap i yrkesutøvinga til barne- og ungdomsarbeidaren.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor treng du kunnskap om didaktikk?

  2. Kvifor treng du som barne- og ungdomsarbeidar å kjenne til lovverket i barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb med tanke på didaktisk planlegging?

  3. Kva kan didaktikk bidra til i yrkesutøvinga di?

Kjelde

Gunnestad, A. (2014). Didaktikk for barnehagelærere. En innføring. Universitetsforlaget.