Didaktisk planlegging: relasjonsmodellen - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Didaktisk planlegging: relasjonsmodellen

Kunnskap om didaktisk planlegging hjelper oss til å sjå og forstå alle faktorane vi må ta omsyn til i planlegginga av det pedagogiske arbeidet. Vi må basere planlegginga på kunnskap om trivselen og utviklinga til barn. Planlegging er utgangspunkt for refleksjon og utvikling av verksemda.

Enkeltfaktorane i den didaktiske relasjonsmodellen

Overordna mål

Lover og forskrifter viser oss kva som er føremålet med arbeidet vårt. Dei gir oss dei overordna måla våre og er dermed førande for det arbeidet vi skal gjere. Når vi planlegg ulike aktivitetar, må vi alltid ta utgangspunkt i lovverket. Det er viktig at vi forstår kva det seier at institusjonen skal bidra til, kva innhaldet skal vere, og kva verdiar som skal ligge til grunn for arbeidet vårt. Lovverket er styrande for både det langsiktige og det daglege arbeidet. Dei gir retning for kva ein ønsker barna skal oppleve og få kjennskapar til.

Ifølge lovverket skal vi i barnehage og SFO planlegge for eit innhald som bidreg til at barn og unge opplever omsorg, leik og aktivitetar, læring og danning tilpassa føresetnadene sine, i tillegg til trivsel og fellesskap.

Føresetnadene til barna og personalet

Med føresetnader meiner vi dei kvalifikasjonane eller dei ressursane og erfaringane barn og vaksne har. Det handlar mellom anna om kva interesser, kunnskapar, ferdigheiter og haldningar dei har frå før, og kva for nokre personlege eigenskapar dei har.

I barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb er føresetnadene og behova til barna førande for det pedagogiske arbeidet. Det er barna som leiker, lærer, utforskar, undrar seg og oppdagar, og føresetnadene deira skal derfor vere utgangspunktet for det didaktiske arbeidet.

Når vi planlegg, må vi spørje oss kva føresetnader og behov hos barna vi må ta omsyn til. Gjennom observasjonar, informasjon og vurderingar av det pedagogiske arbeidet skaffar du deg innsikt og forståing for føresetnadene, behova og interessene til barnet.

For å planlegge for ei allsidig utvikling må vi vite noko om korleis barn utviklar seg. Vi må vite kva som driv utviklinga fram, og kjenne til alderstypiske trekk på dei ulike områda.

  • Kva verkar inn på utviklinga, og korleis verkar dei ulike faktorane inn?

  • Kva kan barnet? Kva er kompetansen til barnet?

  • Kva erfaringar, interesser og ressursar har barnet?

I tillegg til at vi planlegg ut frå føresetnadene til det enkelte barnet, skal vi planlegge ut frå den barnegruppa vi har. Vi skal planlegge for ein fellesskap i barnegruppa, der barna opplever glede av å vere saman og leike, og der dei i fellesskap får gjere erfaringar som bidreg til helse, trivsel og læring.

Samtidig som vi tek utgangspunkt i føresetnadene til barna, må vi vite noko om føresetnadene til personalet i den didaktiske planlegginga. Det har òg noko å seie for kva og korleis vi kan legge til rette for det innhaldet vi ønsker oss. Kva kunnskapar og ferdigheiter, erfaringar og interesser og personlege eigenskapar har vi i personalet?

Rammefaktorar

I det daglege arbeidet har dei praktiske rammefaktorane stor innverknad på det pedagogiske arbeidet. Rammefaktorar er dei ressursane vi disponerer.

  • Kva har vi av materiell og utstyr?

  • Kva for nokre økonomiske middel har vi?

  • Kor mange vaksne og barn er det?

  • Kor mykje tid har vi til disposisjon?

  • Korleis er det fysiske miljøet inne og ute? Storleik og utforming.

Vi må ta utgangspunkt rammefaktorane og vere kreative og sjå etter kva vi har moglegheit til å gjere.

Mål

Mål er det vi ønsker å oppnå, det vil seie at vi har ein idé om kvar vi vil hen. Lovverket gir oss dei overordna måla som skal ligge til grunn for arbeidet. Desse måla konkretiserer vi i mindre delmål i tilknyting til ulike aktivitetar. Her konkretiserer vi kva barna skal oppleve og få kjennskapar til. Delmåla beskriv kva vi skal legge vekt på i det pedagogiske arbeidet med barna, til dømes i ein aktivitet, i ein rutinesituasjon eller i løpet av ein bestemd periode.

Måla gir oss moglegheit til å styre og velje innhald og arbeidsmåtar. Dei hjelper oss til å velje og prioritere noko framfor noko anna. Dei kan nyttast for å motivere, inspirere og engasjere. Måla bidreg til at arbeidet vårt ikkje blir bygd opp av tilfeldigheiter, men at vi er klare over kva vi arbeider mot, og korleis vi kan organisere innhaldet for å komme dit. Dei bidreg til at vi kan skape variasjonar i kvardagen.

Alle mål må sikte mot ei allsidig utvikling og ta omsyn til behova til barn for omsorg og utforsking. Måla bidreg òg til å danne eit samarbeidsgrunnlag internt i personalet og med dei føresette. Dei er eit hjelpemiddel i vurderinga av verksemda og det arbeidet vi gjer.

I barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb er det naturleg å planlegge for prosessar. Desse prosessane handlar om korleis barna skal bli involverte og få gjere erfaringane sine i løpet av prosessen

Nokre døme på korleis vi kan formulere prosessmål

I løpet av perioden/aktiviteten skal barna:

  • observere med ulike sansar ...

  • eksperimentere ...

  • uttrykke i formingsmateriell/drama/musikk ...

  • oppleve ...

  • undre seg over ...

  • utforske ...

  • undersøke ...

  • få erfare ...

  • bli kjende med ...

  • bli oppmuntra til å ...

  • prøve ut ...

Vi kan òg setje opp mål ut frå kva kunnskapar, ferdigheiter og haldningar vi ønsker prosessen skal bidra til.

Døme på kunnskapsmål, ferdigheitsmål og haldningsmål

Gunnestad (2014) gir nokre døme på korleis vi kan formulere kunnskapsmål, ferdigheitsmål og haldningsmål.

Kunnskapsmål

I løpet av prosessen skal barna

  • få kunnskap om ...

  • få innsikt i ...

  • få kjennskap til ...

  • lære å vurdere ...

  • utvikle evnene til å stille seg kritiske til ...

Ferdigheitsmål

I løpet av prosessen skal barna

  • få prøve å ...

  • få øve seg på ...

  • lære å meistre ...

  • lære å eksperimentere med ...

Haldningsmål

I løpet av prosessen skal barna

  • få interesse for ...

  • sjå verdien i ...

  • bli engasjerte i ...

  • oppleve gleda ved å ...

Innhald

Innhaldet er kjernen i verksemda. Det er det vi gjer og bringar inn til barna av opplevingar og erfaringar, eller det barna sjølv bringar med inn. Det er dei hendingane eller aktivitetane vi rettar merksemda mot. Det kan vere kvardagslege situasjonar som måltid, påkledning og kvile, vennskap og relasjonar, leik, aktivitetar og turar eller ulikt kulturstoff som musikk, litteratur, drama og forming.

Rammeplanen gir føringar for innhaldet både i barnehage og SFO. Vi må legge til rette for eit innhald som gir moglegheit til leik, utforsking og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Innhaldet skal gi barna utfordringar med utgangspunkt i interessene, kunnskapane og ferdigheitene deira, slik at dei opplever meistring og motivasjon og har det bra. Miljøet skal òg støtte nysgjerrigheita og kreativiteten til barna.

Når vi vel innhald, må vi ta utgangspunkt i føresetnadene, behova og interessene til barna. Det er nærast uavgrensa kva emne og aktivitetar det er mogleg å planlegge for. Vi må derfor reflektere over kva som er viktig å bringe inn i livet til barna.

Eit viktig moment når vi vel innhald, er medverknaden til barn. Vi må ta omsyn til det barna er opptekne av, og kva dei vel å gjere. Dei skal ha moglegheit til å delta i både planlegging og vurdering av eit prosjekt. I tillegg må vi planlegge innhaldet slik at det er ope for "dei gylne augneblinkane". Det gir oss moglegheit til å følge opp dei spontane innspela frå barna. Vi må kunne veksle mellom spontane og planlagde aktivitetar.

Arbeidsmåtar

Arbeidsmåtar er den framgangsmåten vi vil nytte i gjennomføringa av ein aktivitet. Arbeidsmåtane skal bidra til å skape interesse og engasjement for innhaldet hos barna. På same måte som innhaldet skal arbeidsmåtane vere tilpassa kvart enkelt barn, barnegruppa og lokalmiljøet. Vi må ta utgangspunkt i erfaringane, interessene, synspunkta og initiativet til barna når vi vel arbeidsmåtar. Medverknaden til barn er her særleg sentral.

  • Kva aktivitetar synest barna er spennande og engasjerande? Kva er dei motiverte for? Kven vil dei vere saman med?

  • Korleis organiserer vi det sosiale og fysiske miljøet?

  • Skal aktiviteten gå føre seg i stor gruppe, lita gruppe, inne eller ute?

  • Kva aktivitetar er best eigna for å få fram det sentrale i innhaldet?

  • Korleis skal dei vaksne organisere seg, kva ansvar og arbeidsoppgåver har dei?

Arbeidsmåtane bør òg beskrive korleis dei vaksne skal opptre saman med barna for å best mogleg motivere og skape interesse og engasjement hos dei, slik at dei får lyst til å delta og utforske.

Ut frå det valde innhaldet kan vi planlegge arbeidsmåtane praktisk, konkret og detaljert på førehand. Vi kan òg gjere det spontant med rom for improvisasjon undervegs ut frå det som skjer her og no.

Vurdering

Vi skal vurdere det didaktiske og det pedagogiske arbeidet. Når vi vurderer arbeidet vi gjer, undersøker vi om vi når dei måla vi har sett oss.

Når vi vurderer det didaktiske arbeidet i barnehage, SFO, bustad og fritidsklubb, må vi først og fremst konsentrere oss om arbeidsmåtar, innhald og gjennomføringa til personalet. Vi må òg vurdere føresetnadene som vi nytta som utgangspunkt i det pedagogiske arbeidet. Endringar av føresetnader får betyding for refleksjonen vår over prosessane i det didaktiske arbeidet.

Vurdering bidreg til at vi blir medvite det arbeidet vi gjer, og gir oss dermed moglegheit til å vidareutvikle oss sjølve og arbeidet vårt. Når vi vurderer arbeidet, får vi eit grunnlag for refleksjon og diskusjon. Dette gir oss innsikt og forståing. Vurdering vil på den måten bidra til å kvalitetssikre det pedagogiske arbeidet.

Alle som har delteke i prosessen, må delta i vurderinga, både barna og personalet. Vi må observere for å sjå kva barna uttrykker undervegs, og spørje barna kva og korleis dei opplevde prosessen. Vi må lytte til både tilbakemeldingane dei gir munnleg, og det dei viser gjennom kroppsspråket.

Undervegs i det pedagogiske arbeidet vurderer vi når vi undersøker korleis prosessen går, og om vi må gjere endringar eller forbetringar. Etter at vi har avslutta eit pedagogisk arbeid, undersøker vi kva som fungerte, kva som ikkje fungerte, og kvifor.

  • Vart måla nådde?

  • Bidrog arbeidsmåtane, innhaldet og gjennomføringa til personalet til at måla vart nådde?

  • Endra føresetnadene seg undervegs?

  • Kva endringar var det naudsynt å gjere undervegs, og kvifor var det det?

Denne sluttvurderinga legg grunnlaget for vidare arbeid og gir oss moglegheit til å forbetre den pedagogiske planlegginga og det pedagogiske arbeidet. Vi undersøker kva vi skal vidareføre, og om vi skal gjere endringar. Dermed blir vurderinga ein del av planlegginga av nye prosessar.

Utfordringar til deg

  1. Føresetnadene til personalet har betyding for den didaktiske planlegginga og det pedagogiske arbeidet. Korleis vil du beskrive føresetnadene dine?

  2. Kva er føremålet i barnehagen og på SFO? Kvar finn du det?

  3. Kvifor skal vi vurdere eller evaluere det pedagogiske arbeidet?

  4. Korleis kan ein didaktisk plan hjelpe oss å sjå samanhengar mellom aktivitetar, gjennomføring og mål?

Kjelder

Gunnestad, A. (2014). Didaktikk for barnehagelærere. En innføring. Universitetsforlaget.

Lorentzen, R. (2019). Årsplanarbeidet til barnehagen. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 63–78). Universitetsforlaget.

Rønning, G. S. (2013). Rammeplan for barnehagen, hva så? Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

Fagstoff
Didaktisk planlegging

Kunnskap om didaktisk planlegging hjelper oss til å sjå og forstå alle dei faktorane vi må ta omsyn til i planlegginga av det pedagogiske arbeidet.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021