Forske på didaktikk
Jobb saman i grupper.
Problemstilling. Lag ei problemstilling om didaktisk planlegging. Kva er de nysgjerrige på å få vite meir om, finne ut av, forske på når det gjeld didaktisk planlegging?
Forskingsmetode. Kva må de gjere for å finne svar på problemstillinga dykkar? Kva metode vil de nytte for å finne svaret på problemstillinga? Må de til dømes fordjupe dykk i teori, intervjue nokon, observere noko?
Analysar og tolk. Når de har henta inn materiale, må de analysere og tolke kva materialet fortel dykk om problemstillinga.
Presenter funn. Her vel de om de vil presentere funna munnleg eller skriftleg. I presentasjonen går det fint å nytte både bilete, video og lydfiler. Det er fint om det kjem fram kva forskingsmetode de har nytta for å finne svaret på problemstillinga dykkar.