Dokumentasjon og etikk - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Dokumentasjon og etikk

Når vi dokumenterer, viser vi til noko som har skjedd. Dokumentasjon er eit fysisk materiale, som notat, bilete, teikningar, video, lydfiler eller konstruksjonar. Når vi dokumenterer, må vi òg vurdere ulike etiske dilemma i samband med dette.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

I pedagogisk arbeid nyttar vi dokumentasjon for å reflektere over det som har skjedd. På den måten får vi moglegheit til å ha eit kritisk blikk på vår eigen praksis, vurdere han og eventuelt endre praksis. Dokumentasjon kan vere med på å leie oss framover og vidareutvikle praksisen vår til det beste for barnet og barnegruppa.

Oppgåver til filmen

  1. Kvifor er det viktig å ha eit innhald i barnehage/SFO?

  2. Kva skal vi dokumentere, og kvifor skal vi dokumentere det vi gjer i barnehage/SFO?

  3. Kva blir dokumentasjon nytta til?

  4. Korleis kan vi vurdere vaksenrolla i ein dokumentasjon?

  5. Korleis kan du dokumentere prosessar barna deltek i?

  6. Kva vil det seie at barn skal ha stor innverknad på sin eigen kvardag?

  7. Korleis kan du nytte dokumentasjon for å vurdere om barn har innverknad på eigen kvardag?

  8. Kvifor må vi dokument det arbeidet vi gjer, for foreldre, eigarar og andre?

Etikk og dokumentasjon

I dag dokumenterer vi mykje av livet til barn. Dei blir tekne bilete av både heime, i barnehagen og på skule/SFO. I samband med det vil det vere nokre etiske utfordringar som vi må reflektere over. Barn vil ikkje nødvendigvis sjå konsekvensane ved utstrekt bruk av dokumentasjon, derfor er det vi vaksne som må ta ansvar og reflektere over kva som er ønskjeleg og naudsynt å dokumentere. Kva vi skal observere og dokumentere, må vere gjenstand for refleksjon heile tida.

Spørsmål til refleksjon

Reflekter saman med ei gruppe medelevar. Oppsummer i klassen til slutt.

  1. Skal alt dokumenterast?

    • Skal barn bli dokumenterte i alle situasjonar, som i stellesituasjonar, på badet, på do?

    • Skal kjenslene til alle barn bli dokumenterte, når dei er sinte, lei seg, glade, sure?

    • Er det riktig å dokumentere når barn signaliserer at dei held på med noko hemmeleg?

    • Er det riktig å dokumentere viss barn signaliserer at dei vil vere i fred?

    • Korleis ville du ha opplevd det dersom alt i livet ditt skulle vore gjenstand for observasjon, notat og dokumentasjon?

  2. Fotografering og video blir ofte nytta i dokumentasjonsarbeid. Sjølv om vi ikkje tek bilete av ansiktet til barna, vil dei vere gjenkjennelege.

    • Kva bør vi tenkje på når vi fotograferer og filmar barn?

  3. Nokre barn vil kanskje bli dokumenterte oftare enn andre.

    • Kva kan det få å seie for dette barnet?

    • Kva fortel det oss?

  4. Nokre barn vil kanskje sjeldan eller aldri kome med på bilete vi tek.

    • Kva kan det få å seie for opplevinga barnet har av seg sjølv?

    • Kva signal kan det gi oss at eit barn aldri er med på bilete?

  5. Skal alt eit barn gjer, bli dokumentert og fortalt om til dei føresette?
  6. Kven bestemmer kva som skal dokumenterast?
  7. Korleis kan vi arbeide med dokumentasjon utan at barn kjenner seg overvakte?
  8. Korleis kan vi ta omsyn til personvern når vi dokumenterer?
  9. Kva bør du gjere dersom du vil hengje opp eller stille ut noko eit barn har laga?
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021