Kva er pedagogisk arbeid? - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er pedagogisk arbeid?

Pedagogikk er eit fagområde som handlar om oppseding, undervisning og sosialisering. Det gir oss kunnskap om kva teknikkar som påverkar identiteten, meistringa og læringa, sosialiseringa og danninga til kvar enkelt. Pedagogisk arbeid er å kunne ta i bruk og vurdere kva teknikkar som blir best.

Pedagogisk arbeid

Vi ønskjer at barn skal ha det bra i kvardagen sin her og no, og vi ønskjer at dei skal utvikle seg og lære slik at dei kan meistre livet sitt i dag og i framtida. Det pedagogiske arbeidet skal bidra til dette. Målet med pedagogisk arbeid er å ta vare på behova til barn for omsorg og leik, samtidig som vi legg til rette for læring og danning.

Det pedagogiske arbeidet skal bidra til å kvalifisere barna til å delta, handle og meistre utfordringar i livet. Det inneber at dei skal få kunnskap og utvikle ferdigheiter, verdiar og evner. Vi vil òg at det pedagogiske arbeidet skal bidra til sosialisering, slik at barnet gjennom deltaking kan bli ein del av eksisterande sosiale og kulturelle miljø og utvikle identiteten sin. I tillegg ønskjer vi at det pedagogiske arbeidet skal ha innverknad på barnet slik at det opplever fridommen i det å vere eit menneske og aktør i sitt eige liv, som kan ta eigne val og handle ansvarleg i samfunnet.

Noko du gjer saman med barnet

Pedagogisk arbeid er ikkje noko vi gjer med barn, men noko du og barnet gjer saman. Tidlegare vart ordet "oppseding" nytta i arbeid med barn og unge, i dag er det erstatta med omgrepet "danning". Dette er fordi synet på barn og læring har endra seg. Oppseding er noko vi gjer med barn. Målet er å overføre kunnskap, verdiar og haldningar til neste generasjon, slik at barnet skal tilpasse seg utan å stille kritiske spørsmål. Målet med danning, derimot, er at barnet skal utvikle seg og oppnå innsikt og forstå seg sjølv, og dermed kan det vere med på å forme si eiga samtid og framtid. Målet er å gjere barna i stand til å søkje kunnskap og reflektere over vedtekne sanningar, altså tenkje sjølve. Danning blir utvikla gjennom samhandling og dialog der røyndomsoppfatninga til barna har like stor verdi som til dei vaksne.

Praktisk-pedagogisk arbeid

Som barne- og ungdomsarbeidar må du arbeide med det pedagogiske arbeidet som praksis. Denne praksisen føreset felles deltaking med ulike individ. Du kan ikkje nytte ein felles metode for alle. Du må vurdere ulike metodar ut frå situasjonen og det barnet eller dei barna du gjer noko saman med. Du må derfor ta kloke val ut frå kva som er ønskjeleg for den aktuelle situasjonen.

Pedagogikk er praktiske handlingar der vi må stille oss kritiske og reflekterande til det som skjer i det praktiske rommet, og om det arbeidet vi gjer, tek vare på behova barn har for omsorg og leik, og om det fremjar læring, danning og sosialisering slik rammeplanar og læreplanar tilseier.

Praktisk-pedagogisk arbeid omfattar aktivitetar og handlingar der målet er at nokon andre skal lære noko. Det kan vere ei ferdigheit, ei forståing eller ei haldning.

I pedagogisk arbeid er det avgjerande med finkjensle, du må vere sensitiv overfor barna og situasjonen. Det er eit mellommenneskeleg samspel. Du må heile tida vurdere kva som bidreg til det gode livet, kva som bidreg til å kvalifisere og sosialisere barna, og kva som gir dei fridom til å tenkje og handle som ansvarlege menneske.

Utfordringar til deg

  1. Pedagogiske institusjonar har mange oppgåver. Kva for nokre? Kva er viktigast, og kvifor?

  2. Kva kunnskapar, ferdigheiter og haldningar bør tilsette i pedagogiske institusjonar ha?

  3. Kva tenkjer du om utsegna: "Pedagogikk er i utgangspunktet ei praktisk handling"?

Kjelder

Biesta, Gert. J. J. (2014). Utdanningens vidunderlige risiko. Fagbokforlaget.

Imsen, G. (2020). Elevenes verden. Innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget.

Imsen, G. (2015). Hva er pedagogikk. Universitetsforlaget.

Skrive av Siv Stai og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021