Hopp til innhald

Fagstoff

Helsesekretær

Som helsesekretær er du ofte den første som møter pasientar som oppsøkjer legekontor, sjukehus eller andre behandlingsstader. I denne filmen kan du lære om utdanninga, arbeidsoppgåver og naudsynte eigenskapar for ein helsesekretær.

Helsesekretæren har ein ofte ein hektisk arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver, både helsefaglege og administrative. Vanlege oppgåver er å svare på førespurnader frå pasientar og pårørande, vurdere hastegrad og setje opp timeavtalar. I tillegg skal helsesekretæren ta prøver, gjere enkelt sårstell og andre prosedyrar.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk han og lenkjene under for å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli helsesekretær?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein helsesekretær?
  4. Kva for nokre moglege arbeidsstader kan du finne for ein helsesekretær?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi og HMS i jobben som helsesekretær?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2020

Læringsressursar

Yrka innan helse- og oppvekstfag