Film og filmklipp
Tannhelsesekretær
I denne filmen fortel ein autorisert tannhelsesekretær om utdanningsløpet og om eigenskapar som blir kravde i yrket. Du får også sjå og høyre om ulike arbeidsoppgåver og moglege arbeidsstader for ein tannhelsesekretær.
Tannhelsesekretæren kan arbeide både i offentlege og private klinikkar. Arbeidsoppgåvene varierer frå å assistere tannlegen i pasientbehandling til ansvar for hygiene, røntgen og administrative gjeremål.
Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla:
- Korleis er utdanningsløpet for å bli tannhelsesekretær?
- Kva eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
- Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein tannhelsesekretær, og kva for oppgåver er det i samband med ein operasjon?
- Kva moglege arbeidsstader finst for ein tannhelsesekretær?
- Kvifor er det viktig med HMS-arbeid på tannklinikken?