Hopp til innhald

Fagstoff

Blomsterdekoratør

Liker du blomstrar og å jobbe kreativt med form, fargar og komposisjon? Som blomsterdekoratør lagar du bukettar og dekorasjonar til forskjellige anledningar. Du bør vere serviceinnstilt og kommunisere godt med kundar.

Arbeidsoppgåver og viktige eigenskapar for ein blomsterdekoratør

Blomsterdekoratør er eit kreativt yrke, der du får jobbe med form, fargar og komposisjon. Dei fleste blomsterdekoratørane arbeider i blomsterbutikkar. Sal og marknadsføring er ein viktig del av jobben. Då må du vere serviceinnstilt og kommunisere godt med kundane. Bruk gjerne teikningar og foto for å vise ulike forslag til blomsterdesign. I større dekorasjonsoppdrag samarbeider du kanskje med arkitektar eller brudesalongar og frisørar. Då kan skisser og notat vere nyttige for å unngå misforståingar. Du vil ofte måtte løyse arbeidsoppgåver på kort tid, så det er viktig å vere løysingsorientert og effektiv i arbeidet.

Som blomsterdekoratør må du planleggje og tinge varer. Det finst mange blomstrar og planter å velje mellom. Du bør lære kva slags stell dei ulike plantene treng og kva slags eigenskapar dei har.

Godt handlag og kreativitet er viktige eigenskapar for deg som vil bli blomsterdekoratør. Du bør like å omgåast menneske og å gi god service.

Blomstrar blir bundne saman med ståltråd. Foto.

Blomsterdesignet skal passe til anledninga

Vi bruker blomstrar til små og store anledningar. Blomsterdekor er ein viktig del i alt frå barnedåp og bryllaup til jubileum og gravferder. Designet skal passe til situasjonen blomstrane skal brukast i. Du bør kjenne til bruk av blomstrar og planter i ulike kulturar. Det er også viktig å vere oppdatert på trendar, motar og design i faget.

Fargebruk

Medviten bruk av fargar kan skape djupn, volum og balanse i blomsterdekor. Ittens fargelære kan hjelpe deg med å finne harmoni og kontrastar.

Utdanning

For å bli blomsterdekoratør startar du med to år på vidaregåande skule. På vg1 vel du frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, og på vg2 vel du blomsterdekoratør. Etterpå går du to år i lære i bedrift. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev, og yrkestittelen er blomsterdekoratør.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Svein Sandnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 20.09.2019

Læringsressursar

Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign