Hopp til innhald

Fagstoff

Eksponeringsdesignar

Som eksponeringsdesignar planlegg og produserer du for å vise fram varer og tenester. Du kan utarbeide konsept til butikkar, messer og scene- og kulturarrangement.

Arbeidsoppgåver

Fotografi av messestand med ulike tekstiltrykk og ein benk med fargeprøver.

Eksponeringsdesignarar planlegg og gjennomfører sals-, informasjons- og opplevingsutstillingar. Dei lagar konsept og messestandar, og kan jobbe med fotostyling og styling av rom og scene.

Å utvikle idéar inneber å teikne skisser og presentasjonsteikningar og å byggje modellar. Du må velje funksjonelle løysingar, sørgje for nødvendige materiale og utstyr og stå for montering. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av arbeidsprosessane.

Eigenskapar

Fotografi av mann som står i ei gardintrapp og hengjer opp eit tekstiltrykk.

Som eksponeringsdesignar jobbar du både kreativt og handverksmessig. Du bør kunne tenkje nytt, ha evne til å visualisere og ha sans for form og farge. Det er ein stor fordel å ha anlegg for praktisk arbeid. I arbeidet treng du både teknisk forståing og kunnskap om materiale. Du må også kunne kommunisere godt med oppdragsgivarar, leverandørar og andre kollegaer. Ver bevisst på samanhengen mellom uttrykket du skaper, og korleis ulike målgrupper kan oppfatte og assosiere til dette.

Utdanning

For å bli eksponeringsdesignar vel du eit 3-årig yrkesfagleg utdanningsprogram. Du startar med vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Deretter tek du vg2 interiør og eksponeringsdesign og vg3 eksponeringsdesign. Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittelen er eksponeringsdesignar.

Relatert innhald

Eksponeringsdesign blir delte inn i sals-, informasjons- og opplevingsutstillingar, fotostyling og styling av rom og scene.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign