Hopp til innhald

Fagstoff

Maskør og parykkmakar

Ein maskør og parykkmakar er ein del av den kreative prosessen i til dømes ein teater-, fjernsyns- eller filmproduksjon. Han eller ho gir rollefigurar bestemte uttrykk ved hjelp av masker, parykkar, hår og sminke. Du må kunne samarbeide, vere nøyaktig og ha sans for form, farge og problemløysing.

Arbeidsoppgåver

Maskørar og parykkmakarar kan jobbe innan film, tv, dans, teater, opera og reklame. Dei lagar, klipper, fargar og omarbeider parykkar og hår, skjegg, bartar eller augebryn.

Dokkehovud med parykkar og hår i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg kan dei bygge nasar, øyre, haker og lage alle typar masker. For å få til spesielle effektar må du kunne modellere.

Kvit og blå hovudmaske med piggar laga av lateks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Større teater har tilsett eigne maskørar og parykkmakarar. Før framsyning sminkar og friserer dei skodespelarane. Ofte må dei forandre sminke, hår eller parykkar på dei forskjellige rollene undervegs. Etter framsyninga tar dei av parykkar, ryddar og sørgjer for vedlikehald. I ein slik jobb må du rekne med kvelds- og helgearbeid. Andre arbeidsplassar kan vere i film- og fjernsynsstudio.

Dame lagar tresser med hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Som maskør og parykkmakar jobbar du både handverksmessig og kunstnarisk. Du bør vere kreativ og systematisk og ha sans for form og farge. I arbeidet treng du kunnskap om materiale, ulike stilperiodar og ansiktet sin anatomi. Du må kunne kommunisere godt med designar, kunstnariske aktørar og andre kollegaer.

Seks dokkehovud med parykkar og tilbehør. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Maskør- og parykkmakarfaget kan vere eit særløp. Det vil seie at utdanninga går føre seg eitt år på skule og tre år i bedrift. Du startar med vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Deretter har du tre års læretid i bedrift. Men dei fleste lærebedriftene føretrekkjer at du går vidare på vg2 frisør før du søkjer læreplass. Fleire tar vidare utdanning eller får arbeidserfaring som frisør før dei får læreplass. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er maskør og parykkmakar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign