Frisør
Arbeidsoppgåver
Vanlege arbeidsoppgåver er sjamponering, klipp, strukturbehandling, ulike fargebehandlingar som til dømes klassisk farge og ulike typar stripar, og føning av hår. Du skal kunne gi råd og rettleiing ut frå kva kundane har av ønske og behov. I tillegg bør du marknadsføre deg sjølv og arbeidsplassen og skape gode kunderelasjonar.
Eigenskapar
Som frisør må du like å jobbe med menneske. God dialog med kundar og kollegaer er ein viktig del av jobben. Du bør vere kreativ, ha sans for stil, form og farge, og ha evne til å oppdatere deg. Motebiletet endrar seg stadig, og nye trendar krev nye teknikkar og ferdigheiter.
Utdanning
For å bli frisør startar du med to år på vidaregåande skule. På vg1 vel du frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, og på vg2 vel du frisør. Etterpå går du to år i lære i bedrift. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev, og yrkestittelen er frisør.