Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: havbruksteknikar

Ein havbruksteknikar jobbar med drift og vedlikehald av oppdrettsanlegg. Arbeidet består av kontrollar, vedlikehaldsarbeid og drift av tekniske innretningar som blir brukte i akvakulturnæringa.

Finn ut meir om yrket havbruksteknikar

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli havbruksteknikar?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein havbruksteknikar?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein havbruksteknikar?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som havbruksteknikar? Gi døme og forklar kvifor ein havbruksteknikar treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som havbruksteknikar?

  6. Kva jobbar ein havbruksteknikar med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som havbruksteknikar?

  8. På kva måte kan ein havbruksteknikar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein havbruksteknikar med?

Fagskule og høgare utdanning i havbruk

Du kan studere havbruk på fagskule. Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta bachelor i havbruk og leiing.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i havbruk?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk