Hovslagaryrket har lange tradisjonar. Hovslagaren er ein handverkar som skor hestar og steller hoven. Som hovslagar må du vere flink med hestar og handtere dei på ein sikker måte.
Finn ut meir om yrket hovslagar
Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.
Korleis kan du utdanne deg til å bli hovslagar?
Kva arbeidsoppgåver har ein hovslagar?
Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein hovslagar?
Kva treng du kunnskap om for å jobbe som hovslagar? Gi døme og forklar kvifor ein hovslagar treng denne kunnskapen.
Kvar kan du få jobb som hovslagar?
Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som hovslagar?
På kva måte kan ein hovslagar vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein berekraftig måte?
Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein hovslagar med?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022