Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: hestefaglært

Du blir hestefaglært etter fire år. Først to år på vidaregåande skule der du går naturbruk det første året og heste- og dyrefag på vg2. Deretter har du to års læretid i bedrift og bestått fagprøve.

Finn ut meir om yrket hestefaglært

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli hestefaglært?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein hestefaglært?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein hestefaglært?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som hestefaglært? Gi døme og forklar kvifor ein hestefaglært treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som hestefaglært?

  6. Kva jobbar ein hestefaglært med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som hestefaglært?

  8. På kva måte kan ein hestefaglært vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein hestefaglært med?

Etter fagbrevet

Etter fagbrevet kan du studere vidare, til dømes ved Norsk Hestefagskole for å bli travtrenar eller ridelærer.

Høgare utdanning

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule. Der kan du ta utdanning på både bachelor- og masternivå innan til dømes veterinærmedisin, husdyrhald, avl og oppdrett. Du kan mellom anna ta ein bachelor i husdyrvitskap og spesialisere deg på hest. Vel du å spesialisere deg på hest, inngår fag innan etologi, avl og ernæring. Bacheloroppgåva vil òg vere knytt til hest. Elles er det lagt opp til mange kurs innanfor økonomi, administrasjon og leiing.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning?

  2. Diskuter forskjellar og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk