Oppgåve
Kva er du interessert i, og kva er du flink til?
For å kunne velje rett utdanning og yrke er det viktig å bli kjend med seg sjølv. Kva er du interessert i? Kva er du flink til? Her får du hjelp til å finne ut av dette.
Spør deg sjølv:
- Kva er eg interessert i?
- Korleis kan eg bruke interessene mine i jobbsamanheng?
- Kva er eg flink til?
Dette er det lurt å tenke gjennom før du vel yrke. Desse testane kan hjelpe deg til å reflektere over dette og systematisere tankane dine.
- Tenk gjennom kva som er hovudinteressene dine. Skriv ned nokre stikkord for deg sjølv.
Gjennomfør ein eller fleire interessetestar. Bruk testar du finn på nettsida interessetester hos Utdanning.no.
- Kva lærte du av å ta testen/testane? Skriv ned fem–seks setningar.
- Lærte du noko nytt om deg sjølv? Viss ja: Kva lærte du?
- Var det noko som overraska deg?
- Var det noko av det som kom fram, som stemde med det du eigentleg visste frå før?
Jobb saman to og to.
- Tenk gjennom kva du er flink til. Skriv ned minst tre stikkord.
Finn tre ting du meiner medeleven din er flink til. Fortel det til han/ho.
Tenk over eigenskapane du kom fram til. Gir dette deg nokon peikepinn for kva du kan tenke deg å jobbe med?