Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke: skogsoperatør

Ein skogsoperatør hogger og køyrer tømmer og driv med stell og skjøtsel av skog. Mykje av jobben blir utført med høgteknologiske maskiner, og arbeidet skjer ute i naturen. Ein skogsoperatør jobbar både sjølvstendig og i samarbeid med andre skogsoperatørar i eit team.

Finn ut meir om yrket skogsoperatør

Sjå filmen over og bruk informasjon frå nettsidene under når du arbeider med oppgåvene.

  1. Korleis kan du utdanne deg til å bli skogsoperatør?

  2. Kva arbeidsoppgåver har ein skogsoperatør?

  3. Kva for nokre personlege eigenskapar trur du er gode å ha for ein skogsoperatør?

  4. Kva treng du kunnskap om for å jobbe som skogsoperatør? Gi døme og forklar kvifor ein skogsoperatør treng denne kunnskapen.

  5. Kvar kan du få jobb som skogsoperatør?

  6. Kva jobbar ein skogsoperatør med?

  7. Kva råvarer, produkt eller tenester jobbar du med som skogsoperatør?

  8. På kva måte kan ein skogsoperatør vere med på å ta vare på og nyttiggjere seg naturressursar på ein måte?

  9. Kva for nokre andre yrkesgrupper samarbeider ein skogsoperatør med?

Høgare utdanning i skogbruksfag

Med studiekompetanse kan du søke deg inn på universitet eller høgskule, og du kan ta skogutdanning på både bachelor- og masternivå.

  1. Kva jobbar kan du få med høgare utdanning i skogbruksfag?

  2. Diskuter skilnader og likskapar mellom ei yrkesutdanning med fagbrev og ei høgskuleutdanning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2022

Læringsressursar

Yrke innan naturbruk