Verktøykassa – for elevar
Kva vil det seie å arbeide utforskande? Korleis kan du lære betre? Kva skal til for å få gruppearbeid til å fungere? I Verktøykassa finn både elevar og lærerar ressursar som er aktuelle for alle fag, og som støtter opp under læringsarbeid og utvikling av kunnskap, ferdigheter og forståing.
Kva skal eg bli?
Kva har du lyst til å jobbe med i framtida? I dette emnet har vi samla portrett av nokre yrke du kan velje. Sjå filmane og finn ut korleis du kan utdanne deg til draumejobben din.
Yrke innan handverk, design og produktutvikling
Vg1 handverk, design og produktutvikling gir deg moglegheiter til å velje mellom 41 unike yrke. Du får bli kjent med fleire fag og mange teknikkar, gjennom handverk som har lange tradisjonar. Du skal lære metodar og framgangsmåtar, samtidig som du får jobbe med nyskaping og produktutvikling.
Urmakar
Ein urmakar reparerer og held ved like alt frå små urverk til store klokker. Det kan vere både mekaniske urverk og elektroniske ur. Vg2 urmakar er ei landslinje.