Særløp
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Vel du eitt av særløpa, går du tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. I løpet av læretida skal du ha opplæring i programfag og fellesfag.