Hopp til innhald

Fagstoff

Utpressing på internett

Millioner blir utsette for forsøk på utpressing kvar dag. Dei fleste forsøka er falske og masseutsendte i håp om at nokon skal ta dei alvorleg. Nokon gonger er utpressing basert på ekte informasjon og gjerne sensitive bilete og video. Då er det viktig å behalde roa og oppsøkje informasjon og hjelp.
Boksehanske på en stålfjær skytes ut fra skjermen på en bærbar datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du har vorte utsett for utpressing og er på utkikk etter hjelp, kan du følgje denne lenkja for å komme til ressursane i politiet om temaet. Her finn du råd og kontaktinformasjon til ulike profesjonelle aktørar som kan gi vidare støtte.

Truslar og makt

Utpressing, etter straffeloven § 330 det at noen med vinnings forsett ved rettsstridig atferd eller ved å true med slik atferd tvinger noen til å foreta en handling (oftest utbetale penger) som volder tap eller fare for tap for ham selv eller noen han handler på vegne av. (Elden, 2015).

Utpressing på nettet skjer som oftast ved at nokon truar med å offentleggjere privat og sensitiv informasjon med mindre krav blir innfridde. Ein kan bli trua med at informasjonen vil bli delt med alle eller med folk i nær relasjon til offeret. Informasjonen det blir trua med, kan vere ekte eller oppdikta.

Både personleg utpressing og utpressing over internett er straffbart i Noreg, men mange blir dessverre utsette for det både frå utanlandske eller lokale aktørar og nokon gonger frå familie og kjende.

Utpressaren kan krevje tenester, pengar, seksualiserte bilete eller handlingar. Ofte vil krava bli verre når utpressaren ser at han eller ho kan oppnå noko overfor offeret. Dette gjeld alle typar utpressarar, men spesielt dei som prøver å utnytte nokon seksuelt.

Eit gjentakande døme er at unge personar blir lurte til å ta intime bilete og dele dei med ein person som dei trur er jamaldra, men som i verkelegheita er eit vakse menneske.

Bileta utpressaren får tak i, blir så brukt for vidare utpressing – til dømes for å få offeret til å ta fleire og meir seksualiserte bilete og videoar. Det er ein vond sirkel der utpressaren får meir og meir makt og offeret blir pressa til ikkje å fortelje sine føresette eller andre om kva som går føre seg.

Ekte eller falske utpressingar

Modifisert reproduksjon av e-post hvor avsender påstår at mottaker er pedofil og prøver å utpresse penger for ikke å offentliggjøre informasjonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med omgrepet falske utpressingar meiner vi at innhaldet i utpressinga er oppdikta og falskt, ikkje at utpressingsforsøket ikkje er genuint og ekte. Utpressingar av alle typar er alvorlege, men det er viktig å kunne sjå forskjell på dei.

Falske, generelle utpressingar er det mest vanlege. Dette kan komme gjennom e-post, popups i nettlesar eller som andre typar meldingar. Desse er sendte ut til mange personar med håp om at nokon skal la seg skremme.

Desse meldingane kan påstå at utpressar har kontroll på datamaskina til offeret, har video teke med webkamera medan offeret har sett på porno, eller har tilgang på informasjon om kriminell aktivitet gjort av offeret. Dømet til høgre er eit godt døme på slik forsøk på utpressing.

Det er ikkje lurt å svare på slike meldingar. Dei som driv med dette er profesjonelle og ønskjer å få på plass ein toveiskommunikasjon som dei så kan bruke for å manipulere og skremme med. Falske utpressingar bør ignorerast.

Tips for å vurdere om utpressing er ekte eller ikkje

  • Meldinga er skriven på ein generell måte slik at han lett kan omskrivast til å gjelde nokon andre (til dømes ved å byte namn ein enkelt stad).
  • Du veit med sikkerheit at påstandane som blir brukte, er falske.
  • Er teksten på engelsk, eventuelt med ei dårleg omsetjing?
  • Inneheld meldinga berre påstandar og ingen faktiske bevis på det utpressar prøver å presse for?
  • Viss meldinga inneheld eit av passorda dine som "bevis", kan dette vere grunna ein passordlekkasje, og ikkje at personen har tilgang på maskina di eller annan sensitiv informasjon. Forandre passorda dine og gjerne sjekk på ei nettside som haveibeenpwned.com for å sjå om ei teneste du har brukt, kan ha vore utsett for dataangrep.

Nettvett.no sin artikkel om falske truslar og utpressingskrav kan du lese for å få fleire detaljar.

Når utpressinga er ekte

Å bli pressa er ei traumatisk oppleving. Hensikta til utpressaren er å skremme offeret til å gjere som utpressaren vil. For å halde oppe presset kan utpressaren komme med tidsfristar, truslar og løgner – til dømes at han eller ho har meir informasjon enn det som blir presentert. Det er då viktig å behalde roa og ikkje la seg manipulere. Dette er lettare sagt enn gjort sjølv for godt vaksne menneske.

Politiet gir følgjande råd ved utpressing:

  • Ikkje betal noko. Ikkje del fleire bilete eller videoar.
  • Ikkje prøv å handtere dette åleine. Få hjelp av familie, venner, lærarar eller andre du stoler på.
  • Ta vare på kommunikasjon med den kriminelle. Ikkje slett noko.
  • Slutt å kommunisere med utpressarane.
  • Gå til politiet. Du skal bli teken alvorleg og få hjelp.

Råda er henta frå nettsidene til politiet om trygg nettbruk for barn og unge.

Sjølvrefleksjon

Bruk eit par minutt og tenk over følgjande for deg sjølv:

  • Finst det informasjon om deg som nokon kunne bruke for å presse deg for pengar eller tenester?
  • Finst det informasjon på telefonen din, på datamaskina di eller på nettet som uvedkomande kunne brukt til å presse deg viss dei fekk tak i ho?
  • Kunne nokon laga falsk informasjon om deg som dei så kunne brukt til utpressing (sjølv om du ville vite at han var falsk)?

Dei fleste vil nok kunne svare ja på eitt eller fleire av spørsmåla ovanfor. Det er ikkje merkeleg, men derimot veldig menneskeleg. Det er ikkje alt om oss vi ønskjer at skal bli spreidd til andre.


Kjelder

Elden, J. C. (2015, 30. desember). Utpressing. Hentet fra https://snl.no/utpressing



Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Datatryggleik