Diskuter i mindre grupper og svar på spørsmåla under. Svara skal vere generelle og bør ikkje vere av personleg karakter.
- Lag ei liste over ulik informasjon (sann eller usann) som de meiner kunne vorte brukt til utpressing av ein vanleg ungdom på 15–20 år.
- Har kjønn noko å seie for kva slags informasjon som kan brukast til utpressing? Grunngi svaret.
- Kva type informasjon meiner de kan vere mest effektiv for utpressing og kvifor?
- Trur de ungdom er spesielt utsette for utpressing? Kvifor/kvifor ikkje?
- Kva trur de ein utpressar kan krevje av offeret sitt?
- Kva kan skje viss offeret ikkje gir utpressaren det han/ho ønskjer? Kva kan skje viss offeret lèt seg presse?
- Utpressing skjer i stor grad på internett. Kvifor trur de at det er slik?
- Kvifor bør ein snakke med nokon ein stoler på viss ein blir utsett for utpressing?
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020