Korleis regulere kjensler?
Diskuter før de ser filmen:
Kvifor har vi kjensler?
Kva er bra, og kva kan vere vanskeleg med kjensler?
Sjå filmen over og svar på spørsmåla:
Kvifor er kjenslene våre viktige for oss?
Kva er kjensleregulering?
Tenk gjennom dagen din så langt. Kva kjensler har du hatt i dag, og kva gjorde du for å regulere dei?
Kva kan vere postive måtar å handtere kjenslene på? Gi minst tre konkrete døme.
Kva kan vere negative måtar å handtere kjenslene på? Gi minst tre døme.
Kvifor kan nokon måtar å takle kjensler på vere skadelege?
Kva kan vi gjere for å forandre negative måtar å regulere kjensler på?
Jobb saman i grupper:
Diskuter kvifor det er viktig å finne positive måtar å handtere kjensler på.
Vel tre ulike kjensler de synest det kan vere utfordrande å regulere (forslag: frykt, sinne, skam, tungsinn, fortviling, misunning, sjalusi, skyldkjensle, ømheit, forakt, lette, nysgjerrigheit, usikkerheit, einsemd, forelsking, overrasking).
Finn eit eller fleire døme på positive måtar å handtere kvar av dei tre kjenslene de valde i oppgåve B, på.
Finn eit eller fleire døme på negative måtar å handtere kvar av dei tre kjenslene de valde i oppgåve B, på.
Ta for dykk døma på negative måtar å handtere kjensler på som de kom fram til i oppgåve D, og jobb vidare med dei. Tenk dykk at ein venn har gjort det til ein vane å handtere kjenslene på denne måten. Korleis kan de hjelpe vennen til å forandre vanen sin på ein realistisk måte?
Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skulen.