Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvbilete

Korleis oppfattar du deg sjølv? Sjølvbildet ditt påverkar måten du tolkar tilbakemeldingar og respons frå menneska rundt deg.
To menneske med ankertatovering held hender. Foto.

Sjølvbilete

Sjølvbiletet handlar om korleis du vurderer deg sjølv. Det handlar om alt det positive og negative du tenkjer, trur eller veit om deg sjølv.

Du kan til dømes tenkje om deg sjølv at du taklar utfordringane på skulen ganske bra og er godt likt av klassekameratane dine. Viss du tenkjer om deg sjølv at du har mange positive eigenskapar, har du eit godt sjølvbilete.

Sjølvbiletet ditt består av fleire ulike delar:

  • korleis du oppfattar deg sjølv
  • korleis du trur andre oppfattar deg
  • korleis du sjølv ønskjer å vere
Kva er forskjellen på sjølvbilete, sjølvkjensle og sjølvtillit?

Sjølvbilete, sjølvkjensle og sjølvtillit er ofte ord som blir brukte om kvarandre, men dei har litt ulik betyding.

Sjølvtillit
handlar om korleis du vurderer dine eigne prestasjonar. Viss du til dømes tenkjer om deg sjølv at du er flink til å spele fotball, har du høg sjølvtillit som fotballspelar. Du har tru på deg sjølv.
Sjølvkjensle
handlar om korleis du føler deg – om du føler deg verdifull og er glad i deg sjølv eller ikkje. Du utviklar ei god sjølvkjensle når du blir møtt med forståing, omtanke, heider og kjærleik frå dei rundt deg.
Sjølvbilete
handlar om vurderingane dine av deg sjølv. Det handlar om kva vi tenkjer om oss sjølve, og korleis vi trur andre oppfattar oss. Desse vurderingane kan vere både positive og negative.

Det er ein nær samanheng mellom sjølvkjensle og sjølvbilete. Har du låg sjølvkjensle, vil du òg ha eit lågt sjølvbilete. Sjølvtilliten vil òg påverke sjølvbiletet, og høg sjølvtillit på eit område kan styrke sjølvbiletet.

Du kan lese meir om sjølvbilete, sjølvkjensle og sjølvtillit på nettsidene til Mental Helse.

Godt eller skjørt anker?

Tenk deg sjølvbiletet som eit anker. Først er vi alle fødde ulike, men viktigast er kva erfaringar du har frå folk du har rundt deg. Kva tilbakemeldingar har du fått frå foreldre, vener, lærarar, folk i nærmiljøet og på skulen, og elles folk du har møtt?

Når du har prøvd å nå ut til nokon, korleis har nådd du fram? Kva respons har du fått? Det påverkar ankeret du har. Viss du har fått mykje positiv erfaring, får du eit godt anker. Viss du har fått mykje negativ respons, eller viss du ikkje klarer å ta inn positive tilbakemeldingar, blir ankeret skjørt.

Tenk over

Kva gjer du for å kontrollere eigne kjipe reaksjonar på 'likes' og kommentarar? Viss du har eit svakt anker ein dag, eller viss du har det heile tida? Korleis kan du betre situasjonen?

Viss du har eit trygt og godt anker, er du trygg i deg sjølv og klarer å sjå saka som ho er. Når du får negative tilbakemeldingar, vil du lettare plassere det utanfor seg sjølv og ikkje ta det inn.

Det kan til dømes hende at nokon seier eller legg ut noko usakleg og sårande om deg på nett. Har du eit trygt anker, vil du lettare sjå at det som vart lagt ut ikkje eigentleg seier noko om deg – det seier berre noko om den personen som la det ut. Du vil lettare riste det av deg, le av det, eller konfrontere hen som la det ut.

Råd frå helsesjukepleiar Skorve

Du kan ikkje forandre omverda, men du kan endre korleis omverda skal få påverke deg. Du kan fortelje dei næraste, gode vener og familie, at du treng fleire positive tilbakemeldingar.

Det er ikkje i alle miljø det florerer positiv respons – at folk auser av seg med positive tilbakemeldingar. Når du først får komplimentar, ta det inn. Ikkje skyv dei frå deg.

Begynn med deg sjølv: Kva seier du til spegelbiletet ditt kvar morgon? Viss du har sagt til deg sjølv 1000 gonger: "Du er ikkje bra nok, du er ikkje fin nok", så blir det gjennomgangsmelodien. Tankane bombarderer deg 1000 gonger om dagen. Men dette kan du snu. Du kan påverke deg sjølv den andre vegen.

Fortel ditt eige spegelbilete om dei positive eigenskapane dine. Minn deg sjølv på det du har fått til og det positive andre har sagt og gjort mot deg, og gjenta det gjennom dagen.

Det er ikkje alltid det er like lett å snu sine eigne tankar. Viss du har eit skjørt anker, kan det vere vanskeleg å tenkje positivt og få auge på sine eigne gode eigenskapar. Då kan det hjelpe å snakke med nokon eller oppsøkje hjelp.

Er det greitt å ikkje gi komplimentar viss du ikkje får nokon tilbake?

Kva kan vere problemet med å tenkje på denne måten?

Kjelder

Dyregrov, K. (2019, 9. september). Sjølvtillit, sjølvkjensle og sjølvbilde. Kva er forskjellen? Henta frå: https://mentalhelse.no/aktuelt/psykobloggen/selvtillit-selvfolelse-og-selvbilde-hva-er-forskjellen

(L. Habbestad Skorve, helsesjukepleiar, personleg kommunikasjon, 30. oktober 2019).


CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2019

Læringsressursar

Psykisk helse