Hopp til innhald

Fagstoff

Mat og psykisk helse

Dei fleste av oss veit at maten vi et kan påverke den fysiske helsa vår. Men visste du at både kosthald og måltidssituasjonen i seg sjølv har noko å seie for den psykiske helsa vår?
Fleire typar bær, frukt og grønsaker i mange fargar, som er oppskore, ligg på eit fat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Psykisk helse handlar om korleis vi har det med oss sjølv, og korleis vi taklar opp- og nedturar i livet. Psykisk helse handlar om tankane og kjenslene våre og heng saman med fysisk helse.

Dei siste åra har vi fått mykje meir kunnskap om at maten vi et, kan påverke den psykiske helsa vår. I denne teksten kan du lese meir om kva slags mat og ernæring som kan styrke hjernen og førebygge psykiske plager, men òg om kva slags betydning måltidssituasjonen har for den psykiske helsa vår.

Kva slags mat er bra for hjernen?

Det er lett å gløyme at hjernen er eit organ, akkurat som hjartet eller levra. Vi veit at hjartet fungerer betre når det får visse typar mat, og dette gjeld òg for hjernen. Den treng nok og riktig næring for å fungere på best måte. Både for dei av oss med psykiske helseutfordringar og dei som føler dei har ei god psykisk helse, kan det ha ein effekt å sørge for å få i seg mat som er bra for hjernehelsa.

Mat som sjukdomsbehandling

I USA finst eit eige fagfelt kalla ernæringspsykiatri (nutritional psychiatry), der mat blir brukt aktivt som ein måte å behandle psykiske lidingar på. Det finst til dømes studiar som viser at endring av kosthald kan ha like stor effekt på behandling av depresjon som medisinar.

Som regel vil ikkje kosthald åleine vere nok for å bli frisk av ei psykisk liding, men spesielt når det gjeld depresjon og angst, kan sjølv små endringar i kosthaldet ha stor betydning.

Måten kosthaldet vårt har forandra seg på dei siste tiåra, har òg gjort noko med kva slags næring hjernen får. Eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk er godt for hjernen og derfor òg godt for den psykiske helsa.

Det er alltid viktig å hugse på at det er vala vi tek i kvardagen som har størst betydning for oss. Det er ikkje skadeleg å ete usunn mat innimellom.

Nokre kosthaldsråd som kan vere med på å fremme ei god psykisk helse:
  1. Et frukt, grønsaker og bær – gjerne med sterke og varierte fargar
    Ved å ete variert frukt og grønt sikrar du at du får i deg ulike vitamin og mineral. Desse påverkar hjernen vår positivt på forskjellige måtar. Til dømes kan vitamin A, vitamin C, jern, sink, magnesium, folat og kalium bidra til å førebygge både angst og depresjon. La grønsaker og frukt vere ein del av alle dagens måltider – tenk FEM OM DAGEN. Viss du går i kantina for å kjøpe deg lunsj, så sjå i salatbaren etter kva for grønsaker du finn der. Det kan til dømes vere gulrøter, kål, tomat eller grønsaker som er i sesong. Prøv å velje forskjellige fargar, så får du både ein større variasjon av vitamin og eit meir smakfullt og fristande måltid.

  2. Et fullkorn og grove kornprodukt
    Korn finst i mange variantar. Du kan ete korn som brød, knekkebrød, havregraut eller heilkorn, som til dømes bygg. Dette er gode kjelder til fiber og viktige mineral som kan styrke den fysiske og psykiske helsa vår. Neste gong du går i kantina, prøv å velje grove produkt. Sjå om du finn korn i salatbaren, til dømes fullkornspasta eller heile kokte korn, så har du ein god, mettande lunsj.

  3. Et belg! Og litt nøtter og frø!
    Nøtter er fulle av sunne fettsyrer i tillegg til viktige vitamin, mineral og antioksidantar som hjernen og kroppen treng. Belgfrukter som bønner, linser og erter er energitette òg utmerka proteinkjelder som gjer deg god og mett. Dei er òg rike på mineral som jern, folat, sink og magnesium som hjernen og kroppen treng. Denne råvara gir i tillegg næring tilbake til jorda dei står i og er dermed òg ein miljøvinnar. Belgvekstar kan brukast i dei fleste matrettar, og et du dei saman med korn, har du fullverdige protein på lik linje med kjøtt. Saman med fullkorn, varierte grønsaker, ein god dressing – og litt nøtter for krønsj – kan du lage deg eit festmåltid.

  4. Et fisk fleire gonger i veka Fisk inneheld viktige fettsyrer som gjer at hjernen fungerer betre. Det er til dømes gjort nokre studium som viser at det å ete fisk, kan føre til nedgang i symptom hos personar med depresjon. Det finst eit "hav" av ulike typar fisk som raudspette, steinbit og kveite, torsk, sei, hyse, kolje og tunfisk, laks, makrell, sild, kveite og sardinar – for berre å nemne nokre få. Våg å teste ut forskjellige artar og sjå om du kan inkludere dei i minst tre måltider i veka. Pålegg, som makrell i tomat, er òg ein enkel og rimeleg måte å få i seg fisk på.

Ein grov bagel med agurk, salat, løk og tomat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor kan det vere vanskeleg å gjere det vi veit er bra for oss?

Mange ungdommar har mykje kunnskap om korleis levevaner påverkar helsa. Til dømes veit vi alle at vi burde sove meir, vere i jamleg fysisk aktivitet og ikkje skrolle for mykje på telefonen. Likevel kan det vere vanskeleg å forandre vanane i praksis. Mange av oss veit òg at det er lurt å ete meir grønsaker og mindre ferdigmat, men det kan likevel vere vanskeleg å etterleve dette når vi har dårleg tid, er stressa eller har det vondt inni oss.

For at du skal ta gode helseval i kvardagen, kan det vere lurt å avgrense valmoglegheitene dine. Det er spesielt viktig i situasjonar der du risikerer å ta usunne val. Døme på dette kan vere å smørje ein ekstra matpakke før ein lang skuledag, slik at du er mett og ikkje blir freista til å kjøpe godteri på heimvegen. Eller det kan vere å ete ei frukt før du opplever søtsug på kveldstid. Jo meir automatisert noko blir for oss, jo mindre energi krev det. Dersom du har for vane å sykle til skulen kvar dag, vil det krevje mindre energi av deg å gjennomføre det enn om du må bestemme deg kvar morgon for om du skal gå, sykle eller ta bussen.

Kosthald er ein av fleire levevanar som påverkar psykisk helse. I artikkelen "Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?" kan du lese meir om korleis du kan ta vare på den psykiske helsa.

Familie med mor, far og barn i ulik alder et middag på eit kjøkken. Far auser opp i tallerkenane til barna. Maten består av pasta, kjøtt og grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betydninga til måltidet

Vi menneske er sosiale vesen og trivst som regel best når vi er saman med andre. Sjølv om vi alle treng åleinetid i blant, er akkurat det å ete saman med andre forbunde med fleire helseeffektar. Har du tenkt over kor ofte det å vere sosial handlar om å møtast for å ete saman?

Måltid gir ei oppdeling av dagen som kan skape struktur og føreseielegheit. Dette er godt for oss menneske. Gjennom felles måltid utviklar vi oss sosialt. Vi deler eit måltid og er saman. Alle rundt bordet gjer det same, og det skaper samhald og felles minne.

Når vi til dømes et åleine framfor ein skjerm, er hjernen vår oppteken med å fordøye informasjonen frå det vi ser på, og fokuset på sjølve eteprosessen uteblir. Hjernen vår rekk ikkje å registrere kva smakar vi kjenner, at vi tygg og svelger, eller når vi er passe mette. Det er ikkje feil å ete framfor ein skjerm ein gong i blant, dette er noko mange av oss gjer med jamne mellomrom. Men viss vi gjer det til ein vane å ete mange av måltida våre slik, går vi glipp av mykje som er bra for oss.

Å ete i hyggelege omgivnader med andre menneske gir påfyll til den psykiske helsa vår. Å ete saman med andre, og når det blir lagt til rette for at alle dei involverte skal føle seg trygge og velkomne, kjenner vi oss som ein del av ein fellesskap. Fellesskapen rundt bordet bidreg til at vi er meir til stades i den aktiviteten vi gjer, nemleg etinga, og bidreg til at vi opplever glede over maten vi et.

Å ete i kantina

Ikkje alle skular har kantiner, men når dei finst på skulen, er dei ofte eit sentralt møtepunkt for å treffe venner, ete lunsj og vere sosial.

Ikkje alle synest det er like komfortabelt å ete i kantina, av ulike grunnar. Kanskje kjenner nokon på eit stress knytt til å sitje ved det rette bordet, eller dei er usikre på om dei har nokon å sitje saman med i det heile. Somme kjenner på eit ubehag knytt til det å ete mens mange ser på og føretrekker heller å ete med færre personar til stades.

Elevar et saman i kantina. Dei et frå tallerkenar og har brødskiver i handa. Eit par mobiltelefonar ligg på bordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi blir stressa eller kjenner oss avviste, er det vanskelegare å kjenne på matglede eller trivsel i etesituasjonen. Faktisk blir fleire av dei same områda i hjernen vår aktivert ved avvising som når vi kjenner fysisk smerte. Dessverre gruar mange seg til lunsjen, og dei droppar heilt å ete lunsj fordi dei opplever det ubehageleg å vere i kantina.

Tenk etter:

Kva kan du gjere for at kantina skal bli meir inkluderande?

Vi har alle eit ansvar for at kantina og fellesareal på skulen blir opplevd som inkluderande og trygge stader å vere. Ofte skal det ikkje så mykje til for å opptre litt meir inkluderande overfor andre. Viss nokon sit åleine ved eit bord og et, korleis trur du det er viss andre berre kjem bort for å hente stolar frå bordet til sitt eige lange bord? Kanskje kan du spørje den som sit åleine om hen vil bli med bort til bordet ditt i staden? Hugs òg at det ikkje berre er elevane sitt ansvar at kantinen er ein inkluderande stad å vere. Skulen har òg eit ansvar for at alle har ein trygg stad å ete lunsj i løpet av skuledagen.

Når mat og måltid blir stressfaktorar

Hugs at ingen matvarer er feil i små mengder. Det er ikkje bra for den psykiske helsa vår viss vi utviklar for strenge reglar for kva vi kan ete og ikkje kan ete. Å gjere små grep for å ete meir av maten som er bra for hjernen vår, er ikkje det same som å nekte oss sjølv visse typar mat og snaks. Blir vi for opptekne av å vere "sunne" heile tida, kan det til dømes føre til at vi sluttar å kjenne på matglede eller trekker oss unna måltid med andre. Kanskje begynner vi å kjenne på dårleg samvit dersom vi har ete noko "feil".

Mange av oss bruker innimellom mat som ein måte å regulere kjenslene på. Dette er ikkje gale i seg sjølv. Det kan til dømes vere at du unner deg litt ekstra godteri i ein hektisk eksamensperiode for å halde humøret oppe. Men viss det blir ein vane for deg å overete eller ete altfor lite for å handtere vonde kjensler, bør du snakke med nokon om det.

Ei ung jente sit og snakkar med ein helsesjukepleiar på eit kontor. Helsesjukepleiaren ser omsorgsfullt på jenta og har blyant og papir i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du kjenner at tankar og kjensler om mat eller kropp tek for mykje plass i kvardagen – søk hjelp. Du skal ikkje gå åleine og kjenne på dette, og det er viktig å vite at det finst mykje god hjelp å få. Du kan til dømes snakke med helsesjukepleiar på skulen eller ta kontakt med ROS: Rådgiving om spiseforstyrrelser.

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen i samarbeid med Matvalget.

Relatert innhald

Kva er psykisk helse? Kva påverkar den psykiske helsa di , og kva er sambandet mellom psykisk og fysisk helse?

Kjensler er ein viktig del av den psykiske helsa vår. Korleis påverkar kjensler oss, og korleis kan vi regulere dei på ein god måte?

Kjelder

Askim, M. (2021). Samspillet mellom tarm og hjerne må inn i psykisk helsevern. Dagens Medisin. Henta frå: https://www.dagensmedisin.no/debatt-og-kronikk/samspillet-mellom-tarm-og-hjerne-ma-inn-i-psykisk-helsevern/467675

Brantsæter, A. L. & Mykletun, A. Kosthold og psykisk helse. Oppfølging av punkt 5.5 i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021). Notat 2023. Oslo: Folkehelseinstituttet, 2023. https://www.fhi.no/contentassets/b2c552db8ed9492882b22ffa01f4ee7f/kosthold-og-psykisk-helse-bindestrek-ny.https://www.fhi.no/contentassets/b2c552db8ed9492882b22ffa01f4ee7f/kosthold-og-psykisk-helse-bindestrek-ny.

Dragland, A. (programleiar) (2021, 23. november). Leger om livet. Inflammasjon, tarmflora og hjernen. Med lege og psykiater Gunhild Melleby. (Audiopodkast – episode 45). https://podcasts.apple.com/ml/podcast/45-inflammasjon-tarmflora-og-hjernen-med-lege-og-psykiater/id1539212619?1000542782152https://podcasts.apple.com/ml/podcast/45-inflammasjon-tarmflora-og-hjernen-med-lege-og-psykiater/id1539212619?1000542782152

Hammons and Fiese. (2011). Is Frequency of Shared Family Meals Related to the Nutritional Health of Children and Adolescents? Pediatrics; 127(6): Pages e1565–e1574. https:/doa:/peds.https:/doa:/peds.https:/doa:/peds.https:/doa:/peds.

Harrison, M. E. Norris, M. L. Obeid, N. Fu, M., Weinstangel, H. & Sampson, M. (2015).
Systematic review of the effects of family meal frequency on psychosocial outcomes in youth. Canadian Family Physician. Vol 61(2): Pages e96–e106. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/pmc4325878/

Helsedirektoratets kostråd. (2023). Henta frå: https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/helsedirektoratets-kostrad/

Jacka, F. O'Neil, A. Opie, R.A. Opie, R. et al. (2017). A randomised controlled trial of dietary improvement for adults with major depression (the ‘BLIR SMILT' trial). BMC Medicine 15:23, Pages 1–13.
https://doi.org/10./s12916-017-0791-yhttps://doi.org/10./s12916-017-0791-y

La Chance and Ramsey, D. (2018) Antidepressant foods: An evidence-based nutrient profiling system for depression. World Journal of Psychiatry 20; 8(3): Pages 97–104. Doa:/wjp...Doa:/wjp...Doa:/wjp...Doa:/wjp...Doa:/wjp...

Li, Y. Lv, M., Wei, Y. Sun, L. Zhang, J. Zhang, H. Li, B. (2017) Dietary patterns and depression risk: A meta-analysis. Psychiatry Research. Volume 253, Pages 373–382.
https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28431261/

Ramsey, D. (2021). Eat to Beat Depression and Anxiety: Nourish Your Way to Better Mental Health in Six Weeks. Harper Wave.

Spilde, I. (2019, 22. mai) Kan angst behandles gjennom tarmen? Forskning.no. Henta frå:
https://forskning.no/angst-mat-og-helse-psykiske-lidelser/kan-angst-behandles-gjennom-tarmen/1338713

Perlmutter, D. & Loberg, K. (2016). Sunn tarm, klart hode: hvordan gode tarmbakterier verner og reparerer hjernen din. Cappelen Damm.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2023

Læringsressursar

Psykisk helse