Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis veit vi at ein relasjon ikkje er bra for oss?

Venner, familie og kjærast påverkar oss på mange ulike måtar. Somme ungdommar er usikre på om forholdet til ein venn, kjærast eller ein familiemedlem er bra eller dårleg. Korleis kan vi vite at ein relasjon ikkje er bra for oss?

Oppgåve 1. Gode og dårlege relasjonar

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kvifor er relasjonen til venner, familie og kjærast så viktig for korleis vi har det?

  2. Kva er forskjellen på gode og dårlege sosiale relasjonar?

Oppgåve 2

Sjå filmen og svar på oppgåvene:

  1. Kva kjenneteiknar gode relasjonar, ifølge filmen? Gi konkrete døme.

  2. Kva kjenneteiknar dårlege relasjonar, ifølge filmen? Gi konkrete døme.

  3. Kva kan du gjere viss du er i ein dårleg relasjon?

  4. Kva kan du gjere viss du kjenner nokon som er i ein skadeleg relasjon?

Lurer du på om du er i ein usunn eller valdeleg relasjon? Unge relasjonar er ein chat for deg mellom 16 og 25 år der du òg kan gjennomføre ein enkel test:

Unge relasjoner: Er jeg i en usunn relasjon?

Unge relasjoner: Chattetjeneste

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2023

Læringsressursar

Psykisk helse