Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

Tida på vidaregåande er ikkje alltid like lett. Mange ungdommar møter på utfordringar og kan ha det vanskeleg i periodar. Kva kan du gjere viss du kjenner nokon som har det vanskeleg?

Oppgåve 1. Ein god venn

Diskuter før de ser filmen

  1. Kva betyr det å vere ein god venn?

  2. Korleis kan du vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

Oppgåve 2.

Sjå filmen og diskuter

  1. Kva kan vere utfordrande med å vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg?

  2. Korleis kan du vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg, ifølge filmen? Kva tips kjem filmen med?

  3. Reflekter over dei ulike tipsa filmen kjem med. Kva meiner du er viktigast? Kvifor?

  4. Er det noko anna enn det som blir nemnd i filmen du kan gjere for ein venn?

  5. Kvifor er det viktig at du ikkje "tek ansvar" for den psykiske helsa til vennene dine, og at du til dømes ber på tunge eller farlege hemmelegheiter?

  6. Kvifor kan det vere viktig å ta kontakt med nokon andre viss du er bekymra for ein venn?

Reflekter:

Korleis kan du vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg, samtidig som du klarer å ta vare på deg sjølv?

  • Kva grenser treng du å setje?

  • Kven kan hjelpe deg viss dette er vanskeleg?

Oppgåve 3. Kven kan du ta kontakt med?

Jobb i grupper

  1. Lag eit konkret døme på ein ungdom på vidaregåande som slit og har det vanskeleg.

  2. Kven kan de ta kontakt med viss de er vennen til nokon som har denne utfordringa? Grunngi svaret. Bruk gjerne lenkene under for å finne konkrete forslag.

  3. Viss de har tid, kan de lage eit eller to andre døme på ungdommar som har det vanskeleg og finne ut kven dei kan ta kontakt med.

Oversikt over kven de kan ta kontakt med:

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skulen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Jorid Bakken Steigum .
Sist fagleg oppdatert 14.03.2023

Læringsressursar

Psykisk helse