Verdsdagen for psykisk helse
Vi har alle ei psykisk helse, men ofte kan ho vere vanskeleg å snakke om. Verdsdagen for psykisk helse starta i 1992 for å spreie kunnskap og skape openheit om psykisk helse. Målet er at det skal bli like lett å snakke om den psykiske som den fysiske helsa.
I denne artikkelen har vi først laga nokre generelle oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om psykisk helse. Deretter har vi ulike forslag til korleis de kan jobbe med temaet psykisk helse i ulike fag.
- Kva forbind de med psykisk helse? Gi nokre konkrete døme.
- Er det vanskelegare å snakke om psykisk helse enn fysisk helse? Grunngi svaret dykkar.
- Kvifor er det viktig å kunne snakke om psykisk helse?
Les og/eller sjå videoane i artikkelen Kva er psykisk helse?
- Korleis kan den psykiske og fysiske helsa påverke kvarandre?
- Diskuter kva som påverkar den psykiske helsa aller mest.
- Undersøk kva som er temaet for markeringa i år på nettstaden Verdensdagen.no.
- Diskuter kvifor temaet dei har valt i år, er viktig for psykisk helse. På kva måte er dette temaet aktuelt for dykk? Finn nokre konkrete døme eller historier som viser korleis det kan vere aktuelt.
- Undersøk korleis Verdsdagen for psykisk helse blir markert i nærleiken av der de bur.
- Diskuter kva de i klassen kan gjere for å markere Verdsdagen for psykisk helse.
- Undersøk kva ulike tilbod det finst innan psykisk helse i kommunen dykkar.
Aktivitet
Lag ei markering for Verdsdagen for psykisk helse på skulen dykkar eller i nærmiljøet. Gå inn på ressurssidene til Verdsdagen for å få idéar, tips og inspirasjon til kva de kan gjere.
Case-oppgåve
Finn eller dikt opp eit par historier om ungdommar med ulike psykiske utfordringar. Bruk artiklane nedanfor og finn ut kven dei kan snakke med på og utanfor skulen?
Førebuing: Les artikkelen Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?
Diskuter i grupper:
- Kva er dei største utfordringane for ungdom i dag når det gjeld psykisk helse?
- Kva kan vi gjere for å ta vare på den psykiske helsa vår? Bli einige om ei hugseliste på minst fem punkt på kva de kan gjere.
Søvn og kvile er viktig for den psykiske helsa.
- Kvifor kan det ofte vere vanskeleg å få nok søvn og kvile?
- Kva kan de gjere med det?
- Kva kan skulen og samfunnet gjere for at ungdom skal få betre psykisk helse?
Her er nokre tips og forslag til artiklar og oppgåver i ulike fag som kan knytast til temaet psykisk helse i samband med Verdsdagen.