Hopp til innhald

Fagstoff

Rus og psykisk helse

Rus er relatert til mange område av den psykiske helsa vår. Likevel er det ofte først når nokon utviklar eit alvorleg rusproblem, at vi snakkar om rus og psykisk helse. Kva har rus eigentleg å seie for kvardagspsyken vår?
Full person. Person går ustøtt og held ei flaske i den eine handa. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst tallause årsaker til at vi menneske bruker rusmiddel. På nett er det òg mange meiningar og mykje ulik informasjon om rus. Kanskje har du sjølv følt at samfunnet rundt deg er mest oppteke av alt som er farleg med rus, mens vennene dine har mest fokus på det som er gøy og spennande? Det kan vere vanskeleg å vite kva du skal stole på, og det er ikkje så rart om du blir usikker på kva val du skal ta.

Felles for alle rusmiddel er at dei gjer noko med hjernen, tankane og kjenslene våre. I denne teksten skal vi sjå nærare på korleis rus heng saman med den psykiske helsa vår.

Mange drikk alkohol for første gong i ungdomstida. Alkohol er det vanlegaste og einaste lovlege rusmiddelet i Noreg. Det finst òg ei rekke illegale rusmiddel, og nokre ungdommar gjer seg òg erfaringar med desse. Cannabis er det nest mest brukte rusmiddelet etter alkohol blant norsk ungdom, men det er eit mindretal av ungdom som har prøvd det.

Jenter på fest i ein bar. Ei av dei held ein boks med drikke. Dei rører seg tilsynelatande etter musikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rus påverkar tankar, kjensler og relasjonar

Rus kan gjere oss gladare, meir sjølvsikre og energiske. Men rus kan òg gjere oss meir aggressive, triste eller tiltakslause. Vi kan få ei anna oppleving av verkelegheita eller kjenne at nokre tankar blir påtrengande. Somme gonger blir rus brukt som ein måte å handtere kjenslene våre på – til dømes når vi rusar oss for å oppnå meir av gode kjensler eller for å få bort vonde kjensler.

Rus kan òg brukast for å ha det hyggeleg, skape samhald eller for å få ein pause frå det vanlege livet. I vår kultur blir til dømes alkohol ofte brukt for å feire noko og som ein måte å skape god stemning på. På den andre sida er det òg mange som bruker alkohol når dei har det vanskeleg eller strevar psykisk, noko som ofte kan forsterke problema.

Ungdomstida er ein fase av livet der det er vanleg å kjenne seg usikker på seg sjølv, samtidig som vi kan kjenne at tankar og kjensler svingar mykje. Vegen frå å vere kjempeglad til å kjenne at alt er eit slit, treng ikkje vere lang. Rus kan gjere at desse toppane og dalane i livet blir endå større. Til dømes kan rusopplevinga gjere at du kjenner sterkare på glede, kjærleik og spenning, samtidig som at nedturen blir kraftig dagen derpå. Då kan sjølvkritiske tankar og kjensler av håpløyse og tomleik melde seg.

Mange rusmiddel har uro og angst som biverknad når rusen forlèt kroppen. Eit døme på dette er "fylleangst". Då er det vanleg å kjenne seg nedstemd, angrande og sjølvkritisk dagen etter at ein har drukke for mykje.

Rus kan òg spele ei sentral rolle i relasjonar, til dømes ved at ein i ein vennegjeng møtest først og fremst for å drikke eller ruse seg saman. Som ungdommar er vi òg ekstra opptekne av kva andre tenker og synest om oss. Det kan føre til at vi bruker rusmiddel for å passe inn og vere ein del av gjengen. Mange ungdommar kan derfor drikke meir enn dei planla, eller prøve rusmiddel dei eigenleg ikkje ønskte å prøve.

Fire personar rundt eit matbord ute i friluft. To av personane skålar med kvarandre. I bakgrunnen er ei hytte og fin natur. Foto.

Rus og sårbarheit

Ulike rusmiddel har ulike biverknader på den psykiske helsa vår. Genetisk sårbarheit, mengda som blir brukt, om stoffet blir blanda saman med noko anna, og om du har brukt eit rusmiddel over tid, vil òg verke inn på kva slags effekt og biverknader du opplever.

Uavhengig av kva val du tek som er knytte til rus, er det viktig å vere klar over at vi menneske har med oss ulike sårbarheiter i møte med rus. Det betyr at du kan tole ei viss mengd alkohol, mens vennen din kan bli full og dårleg sjølv om hen drikk det same som deg. Det kan òg bety at vennen din merkar lite av å røyke hasj, mens akkurat du kan vere sårbar for å utvikle ein psykose.

Viss du strevar psykisk, er det aldri ein god idè å bruke alkohol eller andre rusmiddel for å få det betre. Det er større risiko både for å bli avhengig og å utvikle andre helseskadar viss rusen blir brukt for å behandle ei psykisk plage eller liding. Ofte kallar vi dette for "sjølvmedisinering".

Ei ungdomshand held ein halvrøykt joint innover i handflata mellom tommeltott og langfinger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rus flyttar grenser

Som du tidlegare har lese, påverkar alle rusmiddel hjernen vår på ein eller annan måte. Rus aukar sannsynet for å hamne i ulykker og å ha tilfeldig sex som ein angrar på. I tillegg gir rus auka risiko for å bli utsett for vald og sjølv utøve vald mot andre.

Det er ikkje uvanleg å vakne opp dagen derpå og angre på noko du har gjort eller sagt. Det kan vere heilt uskyldige ting som å bli flau av å tenke på at du dansa framfor mange menneske, eller at du var meir høglydt enn du pleier. Andre gonger kan det ha skjedd større ting som gir deg vonde kjensler i ettertid. Uansett kva du kjenner på, blir kjensler mindre skumle når dei blir delte med andre. Snakk med venner eller andre du stoler på viss du skammar deg, er engsteleg eller lei deg for noko som har skjedd mens du var full eller påverka av rus. Hugs at ingen går gjennom livet utan å dumme seg ut eller utan å ha gjort noko dei angrar på.

For somme skjer dessverre òg veldig alvorlege hendingar i ruspåverka tilstand. Har du opplevd vald, overgrep eller andre skremmande erfaringar, søk hjelp uansett om dette skjedde mens du var full, rusa eller edru! Hugs at det aldri er di skyld viss andre krenker deg eller behandlar deg dårleg.

Ei trist jente sit åleine i ein skulegard. Ho har nedslått blikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når kvardagen blir "kjedeleg" utan rus

For dei som er vane med å ruse seg, kan opplevingar utan rus etter kvart bli mindre gøy. Mange kan utvikle mindre aksept for at delar av livet består av kvardag og plikter og stadig vekk ønske seg ei verkelegheitsflukt til meir spenning og eufori.

Rus kan òg gjere at vi går glipp av mange normale opplevingar i livet eller i relasjonar. Det kan vere å starte ein vennskap eller eit kjærasteforhold utan at rus er involvert, handtere vanskelege kjensler eller oppleve kleine sosiale settingar der rusen ikkje er der som ein buffer mot usikkerheit. Det er ikkje uvanleg at nokon som har hatt eit rusproblem i ungdomstida, seinare kjenner at dei manglar mykje av den vanlege livserfaringa som andre jamaldra har.

Teikn til bekymring

Det kan vere grunn til bekymring dersom du sjølv eller andre opplever noko av dette:

  • Rusbruket går utover skulen. Det kan bli vanskeleg å møte opp på skulen eller å konsentrere seg om skulearbeidet.

  • Rusbruket går utover forholdet ditt til familie eller venner, til dømes ved at du begynner å krangle eller trekke deg vekk frå dei du er glad i.

  • Du får søvnproblem. Det kan til dømes bli vanskeleg å sovne eller å vakne til rett tidspunkt.

  • Du får andre matvanar eller forandra matlyst, som til dømes kan føre til at du går mykje opp eller ned i vekt.

  • Den psykiske helsa di har forandra seg etter at du begynte med rus, til dømes viss du blir meir sint, nervøs, uroleg, irritabel eller er lei deg.

  • Rusbruken skaper store problem for økonomien din.

Uavhengig av om du kjenner deg igjen i punkta over eller ikkje, ta kontakt med nokon som kan hjelpe dersom du er bekymra for ditt eige eller andre sitt forhold til rus.

Tenåring går på gata og ser på mobiltelefonen sin. I bakgrunnen er fleire personar som går i same gate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar kan eg søke informasjon og få hjelp?

Både helsesjukepleiar og fastlegen kan hjelpe deg med spørsmål og problem du har som er knytte til rus. Vidare kan du finne mykje informasjon på rusinfo.no.

På RUSinfo er det òg ei chatteteneste. Der kan du heilt anonymt få svar på det du lurer på frå fagpersonar. RUSinfo er ei offentleg informasjons- og rettleiingsteneste for heile Noreg.

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2023

Læringsressursar

Psykisk helse