Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvkjensle og sjølvtillit

Sjølvkjensle er sjølve grunnsteinen i den psykiske helsa vår. Når ein har god sjølvkjensle, føler ein seg verdifull og trygg på kven ein er. Sjølvtillit handlar om å ha tru på seg sjølv og det ein gjer. Dei færraste av oss går gjennom livet med god sjølvkjensle og sjølvtillit heile tida.

Sjølvkjensle og sjølvtillit blir forma i samspel med andre frå vi er små. Når vi blir møtte og forstått, og kjenslene våre blir tekne på alvor av dei vi er glade i, så vil det styrkje sjølvkjensla vår.

Når vi opplever at folk behandlar oss dårleg, til dømes gjennom mobbing og maktmisbruk, påverkar det sjølvkjensla vår negativt. Kva vi tenkjer om oss sjølv, har betydning for korleis vi møter krav og forventningar blant vener, på skulen og i samfunnet. Kva du seier til deg sjølv når du lykkast eller mislykkast, seier noko om korleis det står til med sjølvkjensla di.

Sjølvkjensle er den grunnleggjande opplevinga ein har av sin eigen verdi, og korleis ein føler seg i samspel med andre menneske.

Sjølvtillit handlar om tru på eigne evner, og kva du trur du kan klare. Sjølvkjensle heng saman med det å vere, mens sjølvtillit handlar om det å gjere.

Sjølvkjensle og sjølvtillit påverkar kvarandre, men det er ikkje alltid sånn. Somme gonger har vi til dømes god sjølvtillit på ting vi kan og låg sjølvkjensle på kven vi er, eller omvendt. Vi kan synast vi er god på skulen, men lite verdifulle som menneske. Eller vi kan ha høge tankar om oss sjølv, men unngå gymnastikk, fordi vi synest vi er så dårlege i sport.

Deprimert jente sit i eit ganske mørkt rom lent mot ein vegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dårleg sjølvkjensle

Viss vi har dårleg sjølvkjensle, har vi eit negativt syn på oss sjølv. Dette gjer oss meir sårbare for psykiske helseplager. Til dømes kan dårleg sjølvkjensle føre til prestasjonsangst, fordi ho gjer oss redde for å feile. Vi føler oss udugelege i eigne auge.

Dårleg sjølvkjensle kan òg vere til hinder for gode venskap, fordi vi blir redde for å seie kva vi meiner. Å uttrykkje eigne behov kan vere vanskeleg, fordi vi er redde for å bli avviste.

Dårleg sjølvkjensle fører ofte til sjølvplaging. Vi rakkar ned på oss sjølv inni oss og dømmer oss sjølv hardt. Dette kan vere fordi andre har sagt eller gjort slemme ting mot oss, eller framleis gjer det. Viss vi har dårleg sjølvkjensle, er det lett å ta på seg skylda når noko ikkje er bra. Viss noko går bra, tenkjer vi fort at det er eit reint tilfelle. Dette blir ein vond sirkel som berre stadfestar den dårlege sjølvkjensla.

Når sjølvkjensla ikkje er god, kan vi òg bli sjølvsentrerte. Dette gjer at andre kan oppfatte oss som meir sjølvopptekne.

Sjølvkjensle kan jobbast med

Sjølvkjensla varierer og vil utvikle seg i løpet av livet. Korleis vi har det med menneske vi er glade i, har mykje å seie for korleis sjølvkjensla utviklar seg. Å ha folk rundt deg som bryr seg om deg, støttar deg og heiar på deg, betyr mykje for både sjølvkjensla og sjølvtilliten din.

Sjølvkjensla kan jobbast med og endrast over tid. Viss du synest at synet på deg sjølv påverkar kvardagen din negativt, kan det å prate med nokon om det og be dei om å hjelpe deg, vere nyttig.

Ei jente i treningsdrakt ser på seg sjølv i spegelen. Foto.

Å ta vare på deg sjølv og øve på å vere god mot deg sjølv styrkjer sjølvkjensla di og sjølvtilliten din. Det inneber å kjenne på kva du treng og prøve å akseptere den du er og dei kjenslene du har. Det gjer du ved å tore å vere ærleg og sårbar, både overfor deg sjølv og andre.

Det betyr til dømes at du tør å kjenne på kva du eigentleg vil, og så seie nei viss du ikkje har lyst. Men det handlar òg om å lytte til andres behov og møte andre der dei er. Når du tør å ha eigne meiningar og seie ifrå om eigne behov, så kan det òg vere lettare å seie ifrå på vegner av andre.

Vi kan styrkje sjølvkjensla ved å flytte det kritiske blikket vi har retta mot oss sjølv og heller leggje merke til det som skjer rundt oss. Då kan det vere lettare å sjå at andre òg kan vere usikre eller streve med negative tankar om seg sjølv. Det er faktisk ganske normalt.

Ei gruppe ungdommar tek ein selfie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Skuleprogrammet VIP. (2017). Sånn er livet. Elevhefte til gjennomføring av VIP.

Vollestad, V. (2020, 21. august). To modige skritt til en bedre selvfølelse. Psykologisk.no. Henta frå https://psykologisk.no/2020/08/to-modige-skritt-til-en-bedre-selvfolelse/

Øiestad, G. (u.å.). Hva er selvfølelse? Psykologforeningen.no. Henta 3. september 2020 frå https://www.psykologforeningen.no/publikum/informasjonsvideoer/videoer-om-livsutfordringer/hva-er-selvfoelelse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jorid Bakken Steigum.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2020

Læringsressursar

Psykisk helse