Hopp til innhald

Fagstoff

Heilt ny på vidaregåande

Kanskje har det kribla i magen i heile sommar? Det er ikkje berre enkelt å gå frå å vere konge av tiendeklasse til å bli fersking på vidaregåande. Vi har samla lenker til nokre nettsider som kan hjelpe deg på veg inn i ein ny skulekvardag.
Gut som lyttar konsentrert i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første dagen

Du ruslar inn porten og finn kantina der alle skal møte første skuledag. Tankane fer gjennom hovudet ditt. Kva gjer eg når eg blir ropt opp? Kjem eg i same klasse som venninna mi? Kjem dei nye klassekameratane til å like meg? Klarer eg å lære det som er forventa på vidaregåande?

Dei andre ser kanskje rolege og beherska ut, men slapp av. Dei fleste har det akkurat som deg. Når det har gått ei veke eller to, tenkjer du: Var dette eigentleg noko å grue seg til? Kvifor kasta eg bort sommarferien på det? Jammen er det spennande å bli kjent med folk eg ikkje heng med til vanleg!

Utdanningsnytt.no har gode tips frå Helsesista til korleis du kan bli kjend med dei du møter på vidaregåande:

Dersom du gruer deg veldig mykje

Nokon treng likevel litt meir hjelp til å kome i gang på ein ny skule. Dersom det gjeld deg, kan du ta kontakt med skulen i forvegen og spørje om du kan tjuvstarte litt, slik nokon elevar på Haugaland vidaregåande skule i Haugesund fekk tilbod om i 2019. Det kan du lese meir om på nrk.no:

Å finne seg til rette på vidaregåande

Du oppdagar nok snart at vidaregåande skule har mykje til felles med det du kjenner frå ungdomsskulen. Mange av faga, dei som blir kalla fellesfag, har du jobba med tidlegare. På vidaregåande får du i tillegg nokre nye fag, programfag. Det er fag som varierer alt etter kva utdanningsprogram du har valt.

Hugs at du alltid kan spørje kontaktlæraren din eller den rådgivaren som har ansvar for klassen din om alt du lurer på. Dei kan hjelpe deg til å bli trygg i den nye elevrolla, både fagleg og sosialt.

På vidaregåande skule blir det sett krav til oppmøte i timane dersom du skal kunne få vurdering i faga. Som hovudregel kan du ikkje ha eit fråvær som overstig ti prosent. Derfor bør du så fort som mogleg setje deg godt inn i dei reglane som gjeld for fråvær og dokumentasjon av fråvær.

Ung.no er ein nettstad som har mange gode råd til deg som er elev:

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Skulestart