Hopp til innhald

Fagstoff

Diskuter for demokratiet!

Når vi snakkar saman, kan vi løyse problem, utvikle ny kunnskap og få moglegheita til å sjå verda frå ulike ståstader. Dette er ein viktig reiskap når du skal delta i demokratiet. Her skal du få vite meir om kvifor diskusjonar er viktige, og korleis du kan bidra.
Tavle med avstemming over ja eller nei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er det viktig å delta?

Politikk handlar ofte om å løyse problem som vi står overfor i samfunnet, slik som sosial forskjell, klimaendringar eller rasisme. Dette er problem utan enkle løysingar, og sakene har ofte mange sider. Derfor er det viktig at vi kan diskutere oss fram til gode løysingar saman.

Norskfaget si rolle

Norskfaget har eit spesielt ansvar for å gi deg den kompetansen som skal til for å kunne delta i demokratiet gjennom å seie meininga di og delta i diskusjonar. Slik kan du vere med på å påverke kva retning samfunnet vårt skal gå i.

Unge stemmer manglar i offentlegheita

Medietilsynet har undersøkt kven som deltek i diskusjonar i media i Noreg. Dei fann at 85 prosent av ungdom i undersøkinga aldri hadde debattert politikk og samfunnsspørsmål i media. Dei som var mest aktive, var menn og aldersgruppa over 60 (Medietilsynet, 2019). Dette kan føre til at mange grupper i samfunnet ikkje blir høyrde, og at vi kan få inntrykk av at meiningane til dei mest aktive gruppene, blir delte av alle.

Tenk over:

  • Kjenner du deg igjen i det Medietilsynet seier om ungdom?
  • Kva trur du grunnen kan vere til at så mange unge ikkje deltek i diskusjonar i media om samfunn og politikk?
  • Kva trur du forskjellane i kjønn og deltaking handlar om?

Diskuter det du har tenkt med ein medelev. Skriv ned minst tre kommentarar til punkta de har diskutert.

Greta Thunberg utanfor det svenske parlamentet med ein plakat med teksten "Skolstrejk för klimatet". Biletet er teke i august 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva gjer vi når vi diskuterer?

I klasserommet diskuterer vi heile tida. Slik øver vi på å finne løysingar for samfunnet i framtida. Derfor er det viktig å sjå nærare på korleis vi kan ha gode diskusjonar. Men først skal vi sjå på kva det betyr å diskutere.

Kva er ein diskusjon?

Ein diskusjon kan forståast som ein samtale med fleire synspunkt, og der deltakarane stiller spørsmål til og svarer på kvarandre sine innspel. Ein debatt er ein type diskusjon der målet er å vinne ved å overtyde motstandaren at ditt syn er det rette. Debattar kan vere meir eller mindre formelle, det vil seie at dei har bestemde køyrereglar.

Men i ein diskusjon kan vi òg samarbeide. Vi kan lære meir om eit tema ved å få fram fleire synspunkt på det i ein diskusjon. Dette betyr ikkje at målet med ein diskusjon alltid er å bli einige. Ulike verdiar og interesser gjer at vi ikkje alltid kan bli einige.

Tenk over:

  • Kva tema meiner du det kan vere vanskeleg å få full einigheit om? Kvifor?
  • Kva trur du skal til for at vi skal diskutere meir med dei vi er ueinige med? Skriv ned minst to forslag til tiltak.

Må vi alltid bli einige?

Det er viktig å samarbeide òg med dei vi er ueinige med, sjølv om det er meir krevjande, for i samfunnet vil det alltid vere ueinigheit om spørsmål. Utviklinga er at færre diskuterer med meiningsmotstandarar, men i staden vel å berre fokusere på informasjon og diskusjon som stadfestar det dei sjølv meiner. Dette kan føre til at synspunkt blir forsterka og i verste fall blir ekstreme. Då kan vi miste evna til å sjå verda frå andre sine ståstader. Men ved å diskutere òg med nokon vi er ueinige med, kan vi få større forståing for at det er andre måtar å sjå verda på. Slik kan vi få meir empati for andre og bli meir tolerante.

Tenk over:

Det hender at nokon du kjenner legg ut synspunkt på sosiale medium som du er sterkt ueinig i.

  • Korleis reagerer du på slike innlegg?

Etter at du har tenkt for deg sjølv, diskuter med ein medelev.

Når nokon blir ekstreme

I klippet nedanfor fortel journalist Ludvig Løkholm Lewin om kva som skjedde då han lét som han hadde fått muslim-fiendtlege synspunkt. Korleis reagerte vener, kollegaer og familie på dei stadig meir ekstreme meiningsytringane hans på sosiale medium?

Diskuter i klassen:

  • Korleis kan vi møte ekstreme synspunkt hos andre i nærmiljøet?
Sant eller usant?

Nokre gonger kjem vi ikkje vidare i ein diskusjon fordi vi er ueinige i grunnleggjande påstandar om korleis verda ser ut. I slike situasjonar kan det vere nyttig å skilje mellom subjektive synspunkt og objektive fakta. Når noko er subjektivt, er det farga av ståstaden din, kulturen din og verdiane dine. Eit døme på eit subjektivt synspunkt er når ein bergensar seier at Brann er det beste fotball-laget i Noreg. I ein diskusjon om fotball vil ein VIF-tilhengjar ikkje kunne akseptere dette synspunktet som fakta.

Objektive påstandar baserer seg på fakta og er ikkje prega av kjensler eller personlege verdiar og erfaringar. Viss Brann er på toppen av tippeligaen, kan påstanden om at dei er det beste laget vere objektiv, og då kan ikkje VIF-supporteren avvise dette på grunn av personleg overtyding.

Vitskaplege fakta og «alternative fakta»

Sjølv om kunnskapen vi har om verda stadig vekk utviklar seg, har vi òg påstandar som vi kan seie er objektive på bakgrunn av fleire vitskaplege observasjonar. Kritisk tenking handlar ofte om å stille spørsmål ved etablerte sanningar. Men kva skjer om vi ikkje kan bli einige om eit felles faktagrunnlag for samfunnsdebatten?

Dei siste åra har vi sett fleire som påstår med stor overtyding at jorda faktisk er flat, sjølv om vitskaplege observasjonar slår fast at ho er rund. Det kan vere spennande å høyre på slike teoriar som snur verdsbiletet vårt på hovudet. Men kor nyttig er det å diskutere noko som vi har så sikre bevis for?

Kjenner du til andre tema der vitskaplege konklusjonar blir stilte opp mot "alternative fakta"?

Kjelder:

Aashamar, P. N., Mathé, N. H., & Brevik, L. M. (2018, 8 21). Diskusjon som flerfaglig demokratisk ferdighet. Henta frå https://utdanningsforskning.no/artikler/diskusjon-som-flerfaglig-demokratisk-ferdighet/

Dæhlen, M. (2018, 6 26). Demokratiet blir dårligere i en tredel av verden. Henta frå https://forskning.no/demokrati/demokratiet-blir-darligere-i-en-tredel-av-verden/1191818

Medietilsynet. (2019, 8 19). Sju av ti har aldri debattert politikk og samfunnsspørsmål i media. Henta frå https://www.medietilsynet.no/om/aktuelt-2019/sju-av-ti-har-aldri-debattert-politikk-og-samfunnssporsmal-i-media/

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon, dialog og debatt