Digitale verktøy for respons og testing - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Digitale verktøy for respons og testing

Verktøy for testar og respons kan brukast av elevar og lærarar både individuelt, i grupper og i klassen. Det finst verktøy som støttar individuell pugging, medan andre får opp konkurranse i klassen. Her er eit utval.

Mange lærarar og elevar liker å bruke verktøy for respons og testing. Verktøya bidreg til variasjon i tilnærminga til lærestoff, anten det gjeld planlegging og tilrettelegging av testar og responskavalkadar, eller det gjeld deltaking i dei.

I arbeid med test- og responssystem kan de få oversikt over individuelle eller kollektive kunnskapar, og de får oversikt over kva som er stoda. Kan du det du skal? Har gruppa fått med seg det viktigaste, og er ønskt kunnskap og forståing på plass?

Verktøya kan sjølvsagt òg motivere i introduksjonen til og omarbeiding av lærestoff.

Respons

Mentimeter

Responsverktøy kan brukast undervegs i ein presentasjon for å systematisere respons frå klassen på førehand. Kan du styrkje merksemda frå publikum gjennom god planlegging av kva respons du ønskjer på kva?

Verktøy for respons i presentasjonar – Mentimeter

Konkurranse

Kahoot

Konkurransemomentet kan skjerpe merksemda og motivasjonen til klassen og medelevar. Her er det om å gjere å svare først. Utfordringa her er gjerne å lage spørsmål og svar som eignar seg til formatet.

Konkurransedrive responsverktøy – Kahoot

Individuell testing av fakta og omgrepsforståing

H5P

Dialogkort, Dra&slepp ord eller bilete og ulike kviss-format blir oppretta enkelt frå H5P (Create free account). Her kan du finne og bruke verktøya vi bruker i NDLA og lage eigne testar og kvissar. Det du lagar, kan du lagre på eiga datamaskin.

Ulike typar oppgåveverktøy leverte av H5P

Quizlet

Quizlet er eit anna gratis tilgjengeleg verktøy for testing av faktakunnskapar og omgrepsforståing. Her opprettar du eitt oppsett og får presentert ulike variasjonar for innlæring og testing av samanhengane du har lagt inn.

Ulike typar oppgåveverktøy leverte av Quizlet

Innsamling av informasjon

Microsoft Forms

Bruk skjema for innsamling av informasjon. I Microsoft Forms finn du funksjonar som liknar på kvissar. Du kan òg samle inn korte eller lengre tekstbolkar. I staden for å få direkte tilbakemelding individuelt blir informasjon samla inn og organisert i eit rekneark. Og informasjonen kan omarbeidast og handterast deretter.

Verktøy for innsamling av informasjon på ulike måtar - Microsoft Forms

Google skjema

Bruk skjema for innsamling av informasjon. I Google skjema finn du funksjonar som liknar på kvissar. Du kan òg samle inn korte eller lengre tekstbolkar. I staden for å få direkte tilbakemelding individuelt blir informasjon samla inn og organisert i eit rekneark. Og informasjonen kan omarbeidast og handterast deretter.

Verktøy for innsamling av informasjon på ulike måtar – Google skjema

Verktøya lista ovanfor har gratisversjonar, men du må kanskje ha pålogging for å ta dei i bruk.

Ver merksam på at tenester med innlogging kan samle data om brukarane sine.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2022