Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Korleis forstå vitskap?

Fagstoff

Korleis forstå vitskap?

Vitskap skal hjelpe oss til å forstå verda rundt oss. Men det er ikkje alltid så lett å forstå vitskap. Her er ei oversikt over vanlege feil og misforståingar.

Er det ein samanheng?

Ei av dei viktigaste oppgåvene til vitskapen er å finne ut korleis ting heng saman, anten det er i naturen eller blant menneske. Han skal altså finne samanhengar. Det blir gjerne gjort ved hjelp av statistikk. Sjølv om ein finn ein samanheng i tala, er det ikkje sikkert at det er ein samanheng i verkelegheita. Det er nemleg ikkje alle statistiske samanhengar som er årsakssamanhengar.

I dømet over med iskremsal og drukning ser vi tydeleg at det er meir drukningsulykker i dei periodane det blir selt mykje is. Det er altså ein statistisk samanheng mellom iskremsal og drukning. Men kan vi seie at iskremsalet fører til drukning? Kan vi gå så langt som til å seie at det er farleg å ete is når du skal bade, for då kan du drukne? Her snakkar vi om årsakssamanhengar. Viss det skal vere ein reell årsakssamanheng her, må ein undersøkje moglege årsaker nøyare. Det held ikkje med tala.

Diskuter

  • Kan du tenkje deg nokon årsakssamanheng mellom iskremsal og drukning, det vil seie ein grunn til at iskremsal fører til drukning?
  • Kan det vere noko heilt anna som ligg bak denne statistiske samanhengen?

I dette tilfellet er det ein openberr skjult faktor som lurer oss til å sjå ein årsakssamanheng, nemleg vêret. Når det er fint og varmt vêr, er det fleire som kjøper is. Då er der også fleire som badar og er i båt på sjøen. Dermed blir det òg fleire drukningsulykker. Vêret er ei bakanforliggande årsak som påverkar både iskremsal og drukning.

Det er altså viktig å vere klar over at sjølv om tala viser ein samanheng, er det ikkje sikkert at det er ein reell årsakssamanheng der. Kanskje er samanhengen motsett veg? Kanskje er det ei bakanforliggande årsak som ligg bak? Eller kanskje den statistiske samanhengen er heilt tilfeldig, slik tilfellet er i dømet under.

Diagram som viser to nesten like grafar. Den eine viser oljeimport til USA frå Noreg, den andre dødsfall på grunn av kollisjon med tog. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Berre ein teori"

Viss ein forskar finn ein samanheng som ser ut til å vere ein årsakssamanheng, vil det aldri vere mogleg å bevise dette med 100 % sikkerheit. Forskarar tek utgangspunkt i ein eller fleire , ei antaking om korleis noko heng saman. Forskinga går ut på å teste hypotesane ved til dømes å sjå om det kan finnast andre bakanforliggande årsaker. Jo grundigare hypotesen blir testa utan å bli motbevist, desto sikrare blir ein på at han stemmer.

Ein hypotese som med høg grad av sikkerheit er sann, kallast ein . I daglegtale blir "teori" ofte brukt om noko som er usikkert, men i vitskap er ein teori det sikraste vi har. Evolusjonsteorien er altså ikkje "berre ein teori", slik nokon hevdar. Han er testa så grundig at det er ekstremt usannsynleg at han ikkje stemmer.

Representativt utval

Iskremsal og drukningsulykker er informasjon som det er mogleg å få heilt nøyaktige tal på. Men kva viss du til dømes vil vite kva nordmenn meiner om ei sak? Korleis skal du gå fram for å finne ut det? Du kan jo ikkje spørje alle.

Tenk deg at du vil undersøkje kva nordmenn meiner om monarkiet. Bør Noreg ha ein konge eller dronning som statsoverhovud?

Undersøk

  • Gjer eit nettsøk på "for eller mot monarki".
  • Sjå på innlegg i aviser og bloggar.
  • Les kommentarfelt.
  • Kva er inntrykket ditt? Er nordmenn flest for eller mot monarki?

Ifølgje ei undersøking utført av Norstat for NRK i 2016, svarer heile 81 % at dei støttar monarkiet som styreform. Viss du fekk eit anna inntrykk av å lese innlegg og kommentarfelt i nettaviser og bloggar, er det Norstats undersøking du bør stole på. Grunnen til dette er at dei undersøkjer eit representativt utval av befolkninga. Når ein skal gjennomføre ei slik undersøking, må ein sørge for at ein har ei spreiing i alder, kjønn, inntekt, utdanning og bustad. Då får ein eit slags Noreg i miniatyr, som gir eit godt bilete av kva nordmenn flest meiner.

Det som er typisk for folk som skriv innlegg eller kommentarar på nettet om ei sak, er at dei er spesielt engasjerte i eller provoserte av saka. I tilfellet med monarkiet gjeld dette gjerne folk som er veldig mot monarkiet. Det er dei som engasjerer seg mest. Då får vi eit skeivt utval der motstandarane av monarkiet er overrepresentert. Vi seier at utvalet er skeivt fordi det i stor grad viser meininga til ei gruppe menneske som det ikkje finst så mange av. Vi seier at denne gruppa er overrepresentert, sidan det er for mange av dei i forhold til delen som finst i verkelegheita.

Trump representerer Det republikanske partiet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre vanlege feil

Anekdotiske bevis

Du har kanskje høyrt om folk som har vorte betre av forkjøling fordi dei har ete mykje C-vitamin? Problemet er berre at samanhengen mellom C-vitamin-inntak og det å bli frisk frå forkjøling ikkje kan stadfestast i vitskaplege forsøk. Viss det faktisk hadde verka, ville det late seg teste. Ein blir jo stort sett frisk av forkjøling før eller sidan. Korleis kan ein då vite om det var C-vitamina som verka, viss ein ikkje gjer omfattande forsøk med mange menneske?

Enkelthistorier om folk som har vorte friske kan ikkje danne noko grunnlag for vitskap. Slike såkalla kan ein rett og slett ikkje stole på. Anekdotiske bevis dukkar opp i mange samanhengar, men det er kanskje spesielt vanleg i samband med helse.

Cherry picking

På enkelte område finst det mykje forsking, til dømes klimaendringar og forholdet mellom arv og miljø. Då kan det vere lett å velje å forhalde seg til dei resultata som passar best med det ein allereie meiner. Denne plukkinga av tal og fakta kallast gjerne for cherry picking ("kirsebærplukking").

Viss ein til dømes frå før er negativ til elbilar, vil ein kanskje plukke ut all forsking som trekkjer fram negative sider ved elbilen, i staden for å sjå på heile biletet og vege positive og negative sider mot kvarandre. Eller viss nokre få rapportar konkluderer med at elbilen ikkje er miljøvennleg, vil ein heller tru på dei, og sjå bort frå det store fleirtalet som seier det motsette.

Cherry picking er eit fenomen som ein finn blant politikarar, journalistar, på sosiale medium og til og med blant forskarar. Det kan vere vanskeleg å avsløre, men det er uansett viktig å vere merksam på denne moglegheita for å vri sanninga, slik at ein generelt er meir kritisk til kva ein høyrer og les, og slik at ein kanskje unngår å drive med cherry picking sjølv.

Prosent og prosentpoeng

La oss seie at partiet Venstre har 4 % oppslutning på meiningsmålingane. Så kjem det ein nye målingar som viser ein nedgang til 3 %. Viss du hadde vore journalist, kva for ei av desse overskriftene ville du valt?

"Venstres oppslutning går ned med 25 prosent!"

"Venstres oppslutning går ned med eitt prosentpoeng."

Begge overskriftene er riktige. Men kva er forskjellen på prosent og prosentpoeng?

Går oppslutninga ned frå 4 % til 3 %, er det ein reduksjon på 1. Dette talet er ikkje prosent, men prosentpoeng. 1 er 25 % av 4. Derfor blir endringa i prosent 25 %.

Det same gjeld når noko aukar. La oss seie at Venstre seinare aukar oppslutninga si frå 3 % til 6 %. Dette er ein auke på 3 prosentpoeng. 3 er 100 % av 3. Det vil seie at auken er på 100 %.

Det er lett å gå i surr med prosent og prosentpoeng, og ein vel gjerne den framstillinga som verkar mest sensasjonell eller passar best med bodskapen ein vil formidle. Derfor er det viktig å tenkje seg litt om kvar gong ein les om endring og prosent, og dobbeltsjekke om det er snakk om prosent eller prosentpoeng.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020