Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

"Utsleppa går ned"

CC BY-SA

Korleis kan du avsløre at ei fremstilling av statistikk er feil eller misvisande? Her får du øve deg på eit konkret døme.

Oppgåver og aktivitetar

"Utsleppa går ned"

I 2019 publiserte Høgre eit innlegg om klimagassutslepp i sosiale medium. Det vart bråk.
Linjediagram som viser utviklingen i klimagassutslipp i 2012, 2013, 2017 og 2018. Linja synker. Facebook-innlegg fra Høyre med tittelen "Utslippene går ned". Grafikk.

Oppgåve 1

Les overskrifta, sjå raskt på linjediagrammet over og diskuter:

  • Kva er Høgres bodskap med denne framstillinga av klimastatistikk?

Oppgåve 2

Det vart mykje oppstyr rundt denne framstillinga i kommentarfelt og media. Studer tala og måten dei er lagt fram på.

  1. Kvifor er det brukt raud og blå farge, trur du?
  2. Kva trur du Høgre vart kritisert for?

Oppgåve 3

Under ser du to andre måtar å framstille utviklinga på (figur 1 og 2). Samanlikn med Høgres presentasjon over.

  1. Kva er forskjellane på dei tre ulike framstillingane?
  2. Kva meiner du gir den mest riktige framstillinga?

Figur 1

Figur 2

Oppgåve 4

Høgre lèt tidsaksen byrje i 2012. Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg som statsminister sat frå 2005 til 2013. Viss vi trekkjer tidsaksen tilbake til 2005, ser grafen slik ut (sjå figur 3).

  • Kva kan vere grunnen til at ein i Høgres Facebook-innlegg lét tidsaksen starte nettopp på 2012?

Figur 3

Oppgåve 5

Høgres påstand er at klimagassutsleppa går ned med Høgre i regjering. Du har her sett at grafen dei brukte var triksa med og pynta på.

  1. No som du har sett eit litt større bilde, vil du seie at påstanden er direkte feil, upresis, misvisande eller heilt riktig? Grunngi svaret.
  2. Kva aktørar i samfunnet trur du kan ha interesse av å bløffe med statistikk? Trur du partiet Høgre er noko verre enn andre?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020