Vel ein eller fleire av oppgåvene nedanfor. Jobb med oppgåvene individuelt, men presenter det du finn ut for ein medelev eller for klassen din. Vi lærer nemleg mykje av å setje ord på det vi tenkjer!

Oppgåve 1: Europa sin kamp mot falske nyheiter
Les denne artikkelen på NRK sine nettsider: Europas kamp mot falske nyheter
- Sett deretter opp fire forslag til tiltak mot falske nyheiter.
- Presenter desse forslaga for ein medelev og bli saman samde om fire forslag i prioritert rekkefølgje.
- Presenter forslaga for resten av klassen.
- Gjennomfør så ein diskusjon i klassen om tiltak mot falske nyheiter.
Oppgåve 2: Studer ein nyheitsnettstad
Studer nyheitsnettstaden Alternative media
Bruk det du har lært så langt, og avgjer om du stoler på dei nyheitene du finn her. Grunngi svaret
Oppgåve 3: Faktasjekk av nyheitssak
Hausten 2016 vart saka « Barnehage ble nektet lussekatter av muslimsk far» frå Frihetsavisen hyppig delt i sosiale medium.
- Bruk det du har lært om faktasjekking til å faktasjekke denne nyheitssaka.
- Sjå deretter videoinnslaget "Falske nyheiter fører til meir rasisme" på nrk.no.
Oppgåve 4: Nyheiter tilpassa den personlege smaken din
I framtida vil nyheitene vere tilpassa den personlege smaken din. Les denne artikkelen på NRK sine nettsider: Skulle du ønske du slapp å lese mer om Trump?
- Kva skulle DU ønske du fekk lese meir om?
- Kva skulle DU ønske du fekk lese mindre om?
- Kva er fordelene og ulempene ved at nyheitene blir tilpassa den personlege smaken din?
- Kva er ei filterboble?
Oppgåve 5: Kviss om falske nyheiter
Medietilsynet har laga ein kviss om falske nyheiter
Bruk det du har lært om falske nyheiter og gjennomfør kvissen.
Kva blei resultatet?
Oppgåve 6: Engasjement på sosiale medium
Storyboard samlar data som viser kor stort engasjement og spreiing ulike saker og nettstader har i sosiale medium.
Oversikt over nyheitsoppslag med mykje engasjement i Noreg i 2019
- Gå igjennom denne lista og plukk ut 5 saker som har hatt stort engasjement og som du meiner har lite truverd.
- Del sakene dine med ein medelev. Grunngi kvifor.
- Kva medium har publisert oppslaget?
Oppgåve 7: Korleis faktasjekkarar jobbar
Sjå desse videoane:
"Hevdar 90 000 er smitta av koronavirus" på ted.com
"Hvordan bruke Google i kjeldekritikk?" på ted.com
- Skriv eit kort notat om korleis faktasjekkarar jobbar.
- Kva for nokre gode tips frå desse videoane kan du bruke sjølv som faktasjekkar?
Oppgåve 8: Spel om falske nyheiter
I spelet “Bad News” tek du på deg rolla som falsk nyheitsformidlar. Oppgåva di er å få så mange følgjarar som mogleg medan du byggjer opp truverd til nyheitssida di. Men pass på: du taper spelet viss du spreier openberre løgner eller svik følgjarane dine. Lykke til!
Filer
Oppgåve 9: Skriv ei ekte og ei falsk nyheit
- Bruk det du kan og har lært så langt til å skrive ei ekte og ei falsk nyheit. Hugs at i ei nyheitssak kjem det viktigaste først. Bruk òg desse spørreorda til hjelp: kven, kva, kvar, kvifor, korleis og når.
- Presenter nyheitene for ein medelev utan at du seier kva som er ekte og falskt. Be medeleven gjette.
- Presenter så nyheitene for resten av klassen på same måte.
- Deretter publiserer du nyheitene på Facebook-profilen din og utfordrar vennegjengen din til å finne ut kva som er falskt og ekte.