Hopp til innhald

Oppgåve

Kva meiner folk om falske nyheiter?

Studer resultata av Medietilsynet sine undersøkingar av falske nyheiter, og samanlikn funna med resultatet av den undersøkinga du sjølv har delteke i.

Plakat i demonstrasjonstog som krev sanne fakta i journalistikk og vitskap. Foto.

Demonstrasjon i Tyskland mot desinformasjon.

Oppgåve 1: Medietilsynet sine undersøkingar om falske nyheiter

  1. Ta utgangspunkt i kjeldene og gi eit kort samandrag av Medietilsynet sine undersøkingar om falske nyheiter. Kjelder
  2. Kva meiner du er det viktigaste i desse undersøkingane? Grunngi svaret.
  3. Kulturkommentator Agnes Moxnes kommenterte den første undersøkinga slik:

    – Det er interessant, men også ganske dyster lesning, for først og fremst sier denne undersøkelsen at nordmenn flest mener at nyhetsformidling, både på nett og via de tradisjonelle mediene, like gjerne kan være oppspinn som fakta.

    Er du einig eller ueinig i kommentaren hennar til undersøkinga?

Oppgåve 2: Samanlikn resultatet av to undersøkingar

Samanlikn svara i den undersøkinga som de sjølve svarte på i oppgåva "Er du ein kritisk nyheitskonsument?", med undersøkinga over til Medietilsynet.

De finn resultatet av eiga undersøking her: Svar på elevundersøking om falske nyheiter

  1. Kva er likt og kva er ulikt i det dei to undersøkingane viser?
  2. Korleis vil de forklare eventuelle skilnader? Diskuter dette med ein medelev.
Sist faglig oppdatert 21.10.2022
Skrive av Jan-Arve Overland

Læringsressursar

Kritisk tenking og kjeldekritikk

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar