Rydd opp i idéarbeidet - Verktøykassa – for elevar - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Rydd opp i idéarbeidet

Når du har gjennomgått ein grundig idémyldringsfase, sit du att med mange gode, og nokre mindre gode, idéar. Då er det på tide å rydde opp, eller å gjere jobben som gjerne blir kalla «kill your darlings».
Klar, ferdig, kreativ – fase 3: «Kill your darlings». Animatør og illustratør Daniel Dahn og filmskapar Magnus Skatvold fortel korleis dei arbeider med denne fasen. Video: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0

«Kill your darlings»

I den tredje fasen handlar det om å rydde opp i idéarbeidet. Her må du tenkje over det du lærte i kundemøta i fase 1, og halde det saman med idéane du fekk i fase 2. Sjølv om du har kome på idéar du sjølv liker veldig godt, kan det vere at du må leggje dei bort viss dei ikkje fører deg til kunden sitt mål. Tenk på kva kunden ønskjer, hugs at det er kunden som har gitt bestillinga.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020