Hopp til innhald

Litterære tekstar

Annleis

Ingunn Holmen skreiv denne novella som svar på ei norskoppgåve da ho gjekk på vidaregåande skule i 1997.

Annleis

Alle jenter har ei hore i seg. Det er sant! Mange vil garantert protestere – inkludert eg sjølv. Men det hjelper ikkje, slik er det berre.

Eg står framfor spegelen, men vegrar meg for å opne auga. Den utringa, korte kjolen, den kraftige sminka. Det er biletet av ei hore eg kjem til å sjå, eit ludder – ei jente. Ei jente som har pynta seg, som for ein gongs skuld føler seg litt fin. Den velduftande parfymen – åh, den vil i alle fall gjere suksess i kveld. Gutane kjem til å sverme rundt meg, varte meg opp som ei fin dame – og det liker eg.

Kvifor er eg så dum? Korleis kan eg la med lure av desse udyra som berre gir meg merksemd fordi eg er … ei hore? Og attpåtil like det, la dei halde handa på rumpa mi når vi dansar tett, la dei klemme og småkysse, kviskre søte ord i øyret mitt.

Eg opnar auga langsamt – og begynner å smile. Wow, eg tek meg verkeleg flott ut. Som i transe står eg slik ei stund og beundrar synet av meg sjølv. Deretter lèt eg augelokka glide halvvegs ned på auget slik at eg får eit verkeleg sexy blikk, opnar munnen slik eg har sett jentene i pornoblada gjer det, skyver brystet fram og rumpa ut, og lèt så hendene glide langsamt og intenst nedover frå brystet og mot låra.

Og så blir eg kvalm. Dette var verkeleg dumt av meg. Er det noko rart i det heile at gutar synest jenter er dumme som brød og berre ein gjeng med billege ludder når eg, til og med eg, står her inne på rommet mitt og oppfører meg slik? Eg går lutrygga vekk frå spegelen og set meg på senga. Sukkar tungt. Det blir nok ikkje noko fest på meg i kveld. Ikkje for at eg hadde rekna med det heller. Kanskje like greitt, det er ei farleg verd, menneske er farlege – særleg gutar. Dei kjem aldri til å forstå slike som meg.

Eg riv kjolen halvvegs av meg, gnir augesminka utover så det ser ut som om eg har gråte, bustar til håret. Så går eg bort til spegelen att. Eg ser ut som eit valdtektsoffer, i alle fall slik eg tenkjer meg at eit valdtektsoffer må sjå ut. Lurer på korleis det er? Det er jo sånt som skjer – med jenter.

Det bankar forsiktig på døra. Ikkje noko å vere redd for, eg har sjølvsagd låst døra som alltid. Det er mor mi. ”Harald? No begynner fotballkampen på tv! Eg ville berre seie frå."

Holmen, Ingunn (1997)

Relatert innhald

Korleis framstiller ein animert kortfilm og ei novelle gutar som utfordrar tradisjonelle kjønnsroller?

Begrenset brukSkrive av Ingunn Holmen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting