Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Speed-dating med fagomgrep

For å kunne bruke fagomgrep, er det viktig å ha ei grundig forståing av kva dei betyr. Her får klassen øve på å bruke fleire strategiar for å forstå og forklare viktige omgrep.

Del 1

Alle elevar får eitt fagomgrep kvar frå same fagområde som dei skal forklare. Finn gjerne omgrep frå faglitteratur som er relevante for programfaga. Vi har lagt ved ei liste over omgrep frå arbeidsmiljølova, noko som er relevant på alle arbeidsplassar.

Først skal du undersøkje omgrepet ditt på eiga hand og notere det du finn undervegs.

  1. Slå opp ordet i ordboka til Språkrådet.
  2. Skriv ned forklaringa som passar best, om det er fleire definisjonar.

    Nokre fagomgrep har ulike betydingar i ulike samanhengar. Derfor er det viktig å finne ut korleis omgrepet blir brukt i faget ditt.
  3. Finn du omgrepet brukt i faglitteraturen? Leit i læreboka eller søk på faget her på NDLA.
  4. Viss du ikkje finn det i faglitteraturen, kan du snakke med læraren i faget og be om døme på korleis hen ville brukt omgrepet.
  5. Noter ned éi eller to setningar der ordet er brukt. Bruk gjerne dokumentet som ligg vedlagt i oppgåva under "verktøy".

Del 2

No er det klart for speed-dating.

  • Halvparten av klassen blir sitjande ved pulten, medan den andre halvparten rullerer slik at kvar elev sit saman i tre minutt. Ta tida!
  • I desse minutta skal de forklare kvarandre kva omgrepet betyr. Bruk alle døma og forklaringane du har samla opp om omgrepet ditt, når du skal forklare.
  • Fyll ut omgrepsarket under. Alle forklaringane du får i løpet av speed-datinga, skal du skrive ned. Til slutt vil alle ha ei liste over alle omgrepa som klassen har jobba med.

Verktøy til tidtaking: Speed-dating-timer på YouTube

Filer

Del 3

Etter speed-datinga: Reflekter over korleis innlæringa har vore, og kva metodar og forklaringar du lærte mest av.

  1. Kva lærte du mest av i dette opplegget?
  2. Kva lærte du av å diskutere omgrepa med andre?
  3. Kva for ein av desse måtane å undersøkje og lære eit omgrep på kjem du til å bruke neste gong du møter på eit vanskeleg fagord?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon på jobb