Beskriv ei arbeidsoppgåve i programfaget ditt
Vel ei praktisk arbeidsoppgåve som er viktig i programfaget ditt. Spør gjerne programfaglærar om hjelp til å finne arbeidsoppgåver eller prosessar som er sentrale i faget.
Lag ein skriftleg instruks der du beskriv korleis denne oppgåva eller prosessen skal utførast.
Målgruppa for instruksen er tilsette og lærlingar på ein arbeidsplass der oppgåva er relevant, altså fagpersonar og kollegaer.
Under ser du eit døme på korleis dette kan gjerast:
Relatert innhald
Saum eit formsauma tøymunnbind som du kan bruke fleire gonger.
Dette må du tenkje på når du lagar instruksen:
Begynn med å beskrive målet med oppgåva eller prosessen.
Ha med ei liste over utstyret du treng for å utføre oppgåva.
Beskriv oppgåva steg for steg.
Beskriv sider ved oppgåva eller prosessen som er spesielt vanskelege eller viktige, og korleis du kan unngå vanlege feil.
Bruk fagomgrep og fagkunnskap som målgruppa kjenner til når du beskriv oppgåva så presist og lettfatteleg som mogleg.
Bruk språk og oppsett på ein måte som gjer innhaldet lett å oppfatte. Få tips til korleis du gjer dette i artikkelen "Skriftleg kommunikasjon - intern" under.
Bruk bilete og diagram som støttar og utfyller dei skriftlege skildringane.
Finn nyttige tips til arbeidet med instruksen i fagressursane nedst på sida.
Relatert innhald
Om yrkesretta, intern kommunikasjon og korleis skrive tekstar som kollegaer skal lese.