Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for oppsett av formelle brev

Sjå videoen som går gjennom oppsettet av formelle brev, eller bruk den skriftlege rettleiinga.

Avsendar

Set opp namnet ditt og adressa di øvst i det venstre hjørnet. Rett under postadressa kan du skrive telefonnummeret ditt og eventuelt e-postadressa di.

Dato

Datoen skal stå på den same linja som poststaden til avsendaren, litt til høgre for midten. Datoen er lettast å lese om du skriv namnet på månaden.

Mottakar

Hopp over nokre linjer, og skriv så namnet og adressa til mottakaren.

Overskrift

Overskrifta skal fortelje kva brevet handlar om. Ho skal stå med feit skrift og utan understreking. Det skal heller ikkje vere punktum eller andre skiljeteikn etter overskrifta.

Innleiing

Innleiinga skal vere kort. Forklar kva for ei sak du vil ta opp. Om du skriv eit svarbrev, startar du alltid med å vise til annonsen eller brevet du svarer på. Etter innleiinga markerer du avsnitt med ei tom linje før du går over til hovuddelen.

Hovuddel

I hovuddelen skriv du meir detaljert om saka og spør om ting du eventuelt lurer på. Lag avsnitt når du går over til avslutninga.

Avslutning

Avslutninga skal vere kort. Be gjerne mottakaren høfleg om eit snarleg svar, slik det er gjort i dømet. Avslutt med "Med helsing" eller "Med vennleg helsing" og namnet ditt. Hugs å skrive under for hand.

Vedlegg

Vedlegg er papir, brosjyrar og liknande som du sender saman med eit brev. Talet på vedlegg skriv du opp heilt til slutt, nedanfor underskrifta.

Tiltaleform

Når du skriv brev til ein namngitt bestemt person, tiltaler du personen med du. Dersom du skriv brev til eit firma og det ikkje er retta til ein konkret person, bruker du tiltaleforma de. Ver merksam på at både du og de skal skrivast med liten forbokstav.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon på jobb