Hopp til innhald

Tekst i kontekst

Dikt, forteljingar og skodespel, men også saktekstar, gir oss innblikk i korleis menneske har levd, tenkt og følt til ulike tider. Leseopplevingar kan gjere oss glade, ettertenksame, triste eller sinte – og alltid litt klokare!

Kva er tekst i kontekst?

Korleis skal vi lese og tolke litterære tekstar? Det finst ulike måtar å nærme seg teksten på. Til dømes kan vi sjå på om han er typisk for tida han blei skriven i, eller vi kan samanlikne teksten med andre tekstar som liknar, anten i form eller tematikk. Ulike tilnærmingar gir ulik innsikt.